Job Description

Published 24-04-2024
Deadline: 09-05-2024

 

Reinhaldoperatør

Er du vår nye reinhaldoperatør?
 
Avdeling for husøkonomi består av reinhald, sengesentral og tekstilforsyning.  Avdelinga har 43 medarbeidarar, i tillegg til vikarar. Det er ein inkluderande gjeng frå 13 ulike nasjonalitetar.
 
Det blir reingjort ca. 87 000 m2 6 dagar i veka.  Stillinga inngår i en 4 vekers turnus med arbeid dag, 1 veke kveld og kvar fjerde laurdag.  

Arbeidsoppgåver

  • Sykehusreinhald og påfyll av forbruksvarar
  • Periodiske reinhaldsoppgåver og møbelrens
  • Maskinreinhald og vedlikehald av maskinar
  • Smittereinhald etter angitt prosedyre
  • Utføre reinhald og eigenkontroll etter NS Insta 800
  • Bruk av digital reinhaldsplan da CleanPilot blir tatt i bruk i nær framtid
  • Andre arbeidsoppgåver som fell inn under avdeling for husøkonomi sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget
  • Lang erfaring frå reinhald på helseinstitusjon kan bli kompensert for utdanningskravet. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for at den ansatte kan gå opp til fagprøven innan rimeleg tid. Dette vil regulerast i ein arbeidsavtale
  • Kunnskap om smittereinhald vil bli vektlagt
  • Erfaring med periodisk reinhald og vedlikehald av maskinar er ein fordel
  • Søkjar bør kunne utføre reinhald etter kvalitetsprofilane til NS Insta 800
  • Grunnleggjande IKT kompetanse
  • Det stillast krav om gode norskkunnskaper, både skriftleg og muntleg – minimum bestått norskkurs B1
    Arbeidsspråket er norsk, herunder arbeidsinstruks
  • Søkjar må kunne kommunisera med brukarar og ansatte på sykehuset, samt kunne betjene vakttelefon. Den som blir ansatt må kunne  lese og forstå teknisk informasjon,  datablad og arbeidsprosedyrar.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • arbeider både sjølvstendig og i team
  • er positiv, åpen og sosial
  • har god arbeidskapasitet
  • er fleksibel

Vi tilbyr

  • Opplæring etter gjeldande standardar
  • Mogleghet for personleg og fagleg utvikling
  • God pensjonsordning, 2% pensjonstrekk. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Godt arbeidsmiljø i ein variert og travel arbeidskvardag

 

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Jarle Reinertsen, Avdelingsleiar

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4804578393
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Husøkonomi avdeling, Helse Fonna HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6f377bd1-14c6-408e-90b4-20b59d91c023
IMPORTAPI