Job Description

Published 13-03-2024
Deadline: Snarest

 

Ringavløysar landbruksproduksjon

Ringavløysar for gardsbruk ved Førdefjorden i 100% stilling — ledig frå 1. sept.

Vi ser etter deg som er praktisk anlagt og har ei positiv innstilling til fysisk og sjølvstendig arbeid. Du trivast med ulike dyr og menneske. Du er påliteleg og allsidig, og kan handtere ulike arbeidsoppgåver på forskjellege produksjonsgardar.

Ringen er sett saman av 3 robotfjøs, 2 båsfjøs, 1 grisefarm og 1 sauefarm. Det vil sei at mjølking er sentralt, men du vil få ein variert kvardag. Kontakt ringleiar Rune Gjelsvik tlf. 90756847 for meir informasjon.

Vi ser etter deg som kjenner deg att i fylgjande:

  • Trivast med dyr og praktisk arbeid
  • God til å kommunisere med ulike typar menneske
  • Sjølvstendig, påliteleg og ansvarleg
  • Løysingsorientert og god til å handtere uventa hendingar

Kvalifikasjonar:

  • Beherske norsk eller engelsk munnleg
  • Agronomutdanning eller erfaring frå husdyr-/mjølkeproduksjon
  • Førarkort klasse B, og disponere bil
  • Traktorsertifikat

Vi tilbyr:

  • Lønn etter kvalifikasjon og erfaring
  • Pensjons- og forsikringsordninger
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Kurs/sosiale tilstellingar for landbruksvikarar/avløysarar

For meir informasjon kontakt dagleg leiar Britt Hansen tlf. 96045930. Søknad med CV og referansar til yssl@n-lt.no

Se innsikt og annonser

Frem innlegg

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester Sa orgnr: 873520302
Kort om arbeidsgiver

Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester (YSSL) administrera landbruksvikar- og avløysartenestene i kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Masfjorden og Høyanger sør.

Webside https://www.yssl.no
Bransje Natur og miljø
Yrke Jordbruk og dyrehold
Sted ASKVOLL (Adresse: Askvollvegen 425 Postnr: 6980)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Ikke oppgitt
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse 02-09-2024
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/69cdfbba-ae1c-45d8-afc4-890dc1503572
Stillingsregistrering