Ringevikar Masfjorden sjukeheim – Masfjorden kommune

Carpenters Vaktmester

(7 måneder ago)

  • HOSTELAND
  •  Post Date: 24. October 2023
  •  Expire date: 1. June 2024
Job Description

Published 24-10-2023
Deadline: Unknown

 

Ringevikar Masfjorden sjukeheim

Om stillinga

Her kan du søkja om å vere ringevikar ved Masfjorden sjukeheim. Masfjorden sjukeheim ligg på Hosteland i Masfjorden, og har 32 sengeplassar. Me ser etter deg som kan arbeide når våre fast tilsette er borte frå arbeid, for eksempel ved sjukdom, permisjonar og i feriar.  

Kort om stillinga 

Som ringevikar forpliktar du deg ikkje til ei fast arbeidstid eller arbeidsmengde, men du avtaler ledige vakter som passer for deg.  Ein ringevikaravtale er berre forpliktande for dei vaktene du har avtalt. Dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid må du følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som vert lyst ledige.   

 Me ser etter deg som

  • har helsefagleg utdanning, eller 
  • er elev / student og ynskjer ekstraarbeid 
  • ikkje har utdanning, men som har erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim 

Du må 

  • vere påliteleg, arbeidssom og sjølvstendig i ditt arbeid 
  • vere fleksibel og kunne samhandle godt med brukarar, pårørande og kollegaer 
  • snakke og forstå norsk godt (har du eit anna morsmål enn norsk er kravet B1) 

Me kan tilby

  • ein interessant og utfordrande jobb saman med dyktige kollegaer 
  • ein arbeidsplass der du får utvikle gode haldningar til arbeidet 
  • varierte arbeidsoppgåver 
  • løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket  
  • gode pensjons- og forsikringsvilkår 

Søknad og tilsetjing 

Me har ikkje søknadsfrist, og vurderer søkjarane fortløpande etterkvart som søknadene kjem inn.   

Politiattest

I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om godkjend politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du 

Trykk knappen “send søknad”. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.  

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Masfjorden kommune orgnr: 983644872
Kort om arbeidsgiver

Masfjorden sjukeheim 

Masfjorden sjukeheim ligg på Hosteland og har 32 sengeplassar. Dei tilsette arbeidar i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. 

Masfjorden kommune er i gong med prosjektet TØRN der me ser på organisering og oppgåvefordeling i omsorgtenesta. Korleis med fordelar oppgåvene og nyttar sjukepleiaren sin kompetanse er ein viktig del i dette arbeidet. 

Webside https://www.masfjorden.kommune.no/
Bransje Håndverkere
Yrke Vaktmester
Sted HOSTELAND (Adresse: Hosteland Postnr: 5986)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6c1e381b-a126-461b-b95a-6c9a7485bef3
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/252520