Job Description

Published 07-05-2024
Deadline: 05-06-2024

 

Seksjonsoverlege

Har du lyst til å vere med å vidareutvikle vårt psykose døgnbehandlingstilbod. Vi søker etter psykiater til vår psykose døgn seksjon. Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene til pasientgruppa.

Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år.

Bjørgvin DPS har i 2024 eit budsjett på 159 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 156 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS søker etter ein fagleg, engasjert og dyktige overlege i 100% faste stilling til fagområdet psykose. Stillinga gir rom for alternativ tenking knytta til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide intensivt i periodar for så å ha fri i periodar på inntil 14 dagar samanhengande. I friperiodane vil det vere noko ubunden arbeidstid som legen nyttar til førebuing. Klinikken har ei kognitiv behandlingstilnærming.

Døgnseksjonen har 15 sengeplassar. Vi har 4 behandlarårsverk knytta til seksjonen. Seksjonen har ein høgt kvalifisert miljøpersonalgruppe med mange sjukepleiarar og vernepleiarar, dei fleste med vidareutdanning. I tillegg har vi tilknytta sosionom, musikkterapeut, fysioterapeut og ernæringskonsulent.

Arbeidsoppgåver

  • Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:
    *  Spesialisert utredning og differensiert behandling
    *  Opplæring av pasientar og pårørande
    *  Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
    *  Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

    Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrkje spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben.

 

  • Bjørgvin psykose døgnbehandling:
    *  Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskuelutdanna personale med vidareutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk
    *  Totalt har seksjonen 15 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege med spesialitet i allmennmedisin og sosionom

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri 
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå psykose
  • Ønskeleg med erfaring frå rettleiing av LIS

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
  • Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande overlegestilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ellen Stalheim, Seksjonsleder, 55957000
Fredrik Hiis Bergh, Klinikkdirektør, 55957000

Arbeidsstad

Tertnesveien 37
5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4812120041
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.06.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørgvin distriktspsykiatriske senter, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted TERTNES (Adresse: Tertnesveien 37 Postnr: 5113)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/feabb826-0482-42ea-b132-a6c1ca530603
IMPORTAPI