Sesongvertar til Tungenes fyr – Jærmuseet

Carpenters Vaktmester

(4 måneder ago)

  • RANDABERG
  •  Post Date: 28. February 2024
  •  Expire date: 17. June 2024
Job Description

Published 28-02-2024
Deadline: Unknown

 

Sesongvertar til Tungenes fyr

Vertejobben på Tungenes Fyr

Tungenes Fyr i Randaberg søker deg som liker å vera vertskap og formidle.

  • Formidle historia om fyret og maritim historie
  • Vertskap
  • Enkel kafédrift
  • Lett reinhald
  • Enkelt hagearbeid/stell av uteområde

Arbeidstid: Sundagar (ca 5 timar) i sesongen februar – november, og alle dagar i skuleferien.

Det kan òg vere aktuelt med oppstart etter sommarferien.

Jobben kan passe for vidaregåande elevar, studentar eller andre interesserte.

Om Tungenes Fyr

Tungenes Fyr er eit kulturelt fyrtårn med eit mangfaldig aktivitetstilbod.

I fyrbygninga kan ein oppleve korleis fyrvaktaren og familien hans budde på 1930-tallet. I uthuset er det ulike temautstillingar. Ny utstilling er under bygging i det gamle sjøbruksmuseet.

Tungenes og områda rundt er populære utfartsstader for folk i Sør-Rogaland og turistar. Naturopplevingane er storslåtte og rike i allslags vêr, og til alle tider. Med skipsleia rett utafor har ein alltid ei kjensle av at noko skjer. Mange kombinerer besøket på Tungenes Fyr med ein gåtur i Tungevågen.

Tungenes Fyr ligg ytterst på nordspissen av Randaberg.

Kvalifikasjonskrav og eigenskapar

  • Du bør ha litt interesse for historie og gjerne like å formidle
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må kunne ta ansvar
  • Du bør vera utadvendt og imøtekomande
  • Du må kunne ta imot publikum på ein god måte
  • Du må like å vera vertskap
  • Du må kunne setje deg inn i historia til fyret
  • Du må kunne formidle både på norsk og engelsk
  • Du må ha fylt 16 år i løpet av 2024

Alle verter må levere godkjent politiattest ved tilsetting.

Me vil gje gutter ei ekstra oppfordring om å søke.

Jærmuseet tilbyr

  • God opplæring
  • Arbeidstid etter oppsett arbeidsplan for vertar
  • Løn etter tariffavtale
  • Gratis inngang på alle Jærmuseet sine anlegg

Spørsmål om stillingane kan rettes til:

Lars H Aalgaard Kingsrød, driftskoordinator

Telefon 96 64 79 99

E-post: lhak@jaermuseet.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Jærmuseet orgnr: 974192403
Kort om arbeidsgiver

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet.
Museet har ca 73 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar.

Jærmuseet er ein vitskapleg institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling.

Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi.

Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar.

Jærmuseet har årleg eit samla besøk på ca 200.000.

 

Webside https://www.jaermuseet.no/
Bransje Håndverkere
Yrke Vaktmester
Sted RANDABERG (Adresse: Tungenesveien 217, Postnr: 4070)
Stillingstype Sesong Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8e8266a9-7ad8-4f6c-b6aa-07121b3282a3
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/259245