Job Description

Published 16-04-2024
Deadline: 01-05-2024

 

Sjåfør – sommarvikariat i 100% stilling

Er du ein sjåfør på jakt etter ein sommarjobb? Vi søker sjåfør til 100% vikariat i sommar ved Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM), Seksjon for logistikk og verkstad. 

Eininga har 37 tilsett totalt, og er fordelt på Seksjon for kliniske fag og Seksjon for logistikk og verkstad. Tilsettgruppa omfattar både sjukepleiarar, merkantilt personell, ingeniørar, lagermedarbeidarar, sjåførar, assistentar og stab. Vi samarbeider for å finne dei gode løysingane for våra pasientar og for å halde opa ei effektiv drift. Seksjonen arbeider i nært samarbeid med Seksjon for kliniske fag og rapporterer som ein felles eining – BHM. 

Seksjon for logistikk og verkstad har ansvar for logistikktenester, transport og oppfølging av medisinsk utstyr til heimebuande pasientar i regionen. Vi har fire sjåførar fordelt på tre heiltidsstillingar. Tenesteområdet for sommarvikar vil primært omfatta transport og logistikk knytta til levering av diverse medisinsk utstyr, oksygen, næringsmiddel og forbruksmateriell til heimebuande pasientar. Vi har eit breitt geografisk område for levering, og områda blir fordelte på to bilar. Det er levering på faste vekedagar til dei ulike områda. Det er tett samarbeid mellom sjåførane, og dei hjelper kvarandre ved behov.

I samband med ferieavvikling er det behov for ein sjåfør i sommarvikariat i perioden 21.05 – 31.08.24. 

Arbeidsoppgåver:

  • Lasting på/av bil 
  • Planlegging av kjøyreruter 
  • Utkjøyring og levering av varer til pasientar 
  • Bruk av datasystem, til dømes Microsoft 365 og digitalt kjøyreprogram for oversikt og ruteplanlegging 
  • Samarbeid og samhandling med kollegaer og faggrupper internt i eininga, pasientar, pårøyrande, personale ved klinikkar/avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus, personale ved institusjonar i kommunane, og dessutan andre aktuelle samarbeidspartnarar 
  • Vere bindeledd mellom eininga og pasientane

Kvalifikasjonar:

  • Minimum førarkort klasse B
  • God erfaring med transport, utarbeiding av kjøyreruter og trygg sikring av last 
  • Arbeidserfaring og kunnskap knytt til transport/ruteplanlegging 
  • Vidaregåande skule
  • Fordel med kjennskap til Microsoft 365

Vi trenger deg som:

  • Arbeide godt, både sjølvstendig, i team og tverrfagleg 
  • Arbeidet er fysisk krevande og ein må kunne utføre aktuelle oppgåver 
  • Er punktleg og påliteleg 
  • Er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og får gjerne hjelp 
  • Er god på å tileigna deg ny kunnskap 
  • Har eit godt lag med menneske, og har evne til å kommunisere og samhandle med pasientar og samarbeidspartnarar 
  • Har motivasjon og interesse for å levere ei god teneste til våra pasientar 
  • Er positiv, har godt humør og medverkar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb 
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Fleksitid med kjernetid  
  • Arbeid på dagtid mandag-fredag  
  • Du blir ein del av eit team med engasjerte arbeidskollegaer

Kontaktinformasjon

Malene Sævrøy Johannessen, Seksjonsleiar, 971 83 736, malene.sevroy.johannessen@helse-bergen.no
Gunn Krogenes Larsen, Eninigsleiar, gunn.margareth.krogenes.larsen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Solheimsgaten 13
5058 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4800696072
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 21.05.2024
Sluttdato: 31.08.2024
Søknadsfrist: 01.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Eining for behandlingshjelpemiddel, Medisinsk-teknisk avdeling, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Transport og lager
Yrke Tog-, sporvogn- og vegtrafikk
Sted BERGEN (Adresse: Solheimsgaten 13 Postnr: 5058)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 21-05-2024
Søknadsfrist 01-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/28e6c8af-0625-4cde-bf3f-983b43a50b6c
IMPORTAPI