Job Description

Published 25-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Sjukepleiar/3- årig helsefagleg bachelorutdanning med vidareutdanning i psykisk helsearbeid

Vi søker kollega som er interessert og engasjert i pasientar som slit med samtidig rus- og  psykisk liding. Stillinga er ved ROP-teamet ved Poliklinikk psykisk helse Molde DPS. Stillinga er ledig frå 1. juli

Klinikk for psykisk helse og rus er samansett av 5 avdelingar med til saman 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Molde ligg under Avdeling for Distriktspsykiatrisk senter — DPS Nordmøre og Romsdal.   
Poliklinikken er delt i fleire ulike team: To allmennteam, Gruppeteam, ROP team, fylkesdekkande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit 4 – dagars team (B4DT), Ambulant akutteam, FACT og eit merkantilt team
.
Poliklinikken har 50 fagstillingar; overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, psykomotorisk fysioterapeut, spesialergoterapeut, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar.

Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturr, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skular, barnehagar og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og også internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféar og spisestadar.  Les meir om Molde og Romsdalen her: https://www.fjordnorway.com/no/destinasjoner/molde 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide sjølvstendig med utgreiing og behandling for menneske med samtidig rus- og psykisk liding, under rettleiing av, og i samarbeid med, tverrfagleg ROP team
  • Tverrfagleg samarbeid internt, i forhold til dei ulike teama og i poliklinikk, samt eksternt i forhold til aktuelle samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

Tre-årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag med relevant vidareutdanning
Erfaring frå arbeid med pasientar med samtidig rus- og psykisk liding
Erfaring frå ulike delar i spesialisthelsetenesta er ønskeleg 

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert i arbeid med målgruppa
  • Du likar og meistrar ein aktiv arbeidskvardag, med mykje sjølvstendig arbeid
  • Du er samarbeidsorientert og ein god medspelar for kollegaene dine
  • Du er fleksibel og har gode relasjonsferdigheiter
  • Du er strukturert, ryddig og dokumenterer arbeidet ditt 
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting 

Vi tilbyr

  • Eit inkludarende og kunnskapsrikt kollegafellesskap med stort engasjement for målgruppa
  • Gode moglegheiter for fagleg påfyll, deltaking i kompetansegrupper på tvers av team, individuell rettleiing
  • Arbeidstid på dagtid, med fleksitid og fri på helg
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Tonje Sæter, Seksjonsleiar, Tonje.Seter@helse-mr.no

Arbeidsstad

Parkvegen 84
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4802861663
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Poliklinikk psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sosial
Sted MOLDE (Adresse: Parkvegen 84 Postnr: 6412)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b534a01b-7823-4254-ae93-7b59879888bc
IMPORTAPI