Job Description

Published 23-04-2024
Deadline: 07-05-2024

 

Sjukepleiar i BUP (psykiatrisk sjukepleiar/pediatrisjukepleiar)

Vil du bidra i satsinga på psykisk helsevern for barn og unge?

Ved BUP poliklinikk Molde er vi i gang med etablering av eige nevroteam. Vi søkjer derfor etter ein sjukepleiar til dette teamet som skal bidra i utgreiings- og behandlingsarbeidet for pasientar med ADHD. Oppstart etter avtale med seksjonsleiar
Vi har i første omgang ledig ei mellombels stilling i eit år, med muligheit for fast tiletting. Det er ynskjeleg med vidareutdanning som psykiatrisk sjukepleiar/pediatrisjukepleiar. Oppstartdato  etter nærare avtale med seksjonsleiar.
Den som vert tilsett vil inngå i team som vil prøve ut ny tilnærming til utgreiings- og behandlingsarbeid for pasientar med ADHD. Det vert gode høver for å vere med i fagleg utviklingsarbeid knytt til dette tilbodet. Den som vert tilsett vil motta naudsynt opplæring og vil få tilbod om hospitering.

BUP Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø, som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT, PEF og OCD. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til våre samarbeidspartar er ei forventa arbeidsoppgåve.

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utgreiingseining i Ålesund og ei familieeining i Molde.Vi har eit levande forskingsmiljø, og fleire pågåande innovasjonsprosjekt.
Satsinga Barn og unges helseteneste er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Møre og Romsdal og alle kommunane i fylket, der det vert utarbeida samhandlingsforløp for dei sju vanlegaste psykiske helseplagene hjå barn og unge. Forløpa er no under implementering.

Dersom du synest dette høyrest spennande ut, og du tenkjer du har relevant kompetanse, så ynskjer vi å kome i kontakt med deg!

Arbeidsoppgåver

  • Å bistå i oppfølging av medikamentell behandling
  • Pasientoppfølging i samarbeid med legar og andre aktuelle fagpersonar.
  • Andre aktuelle arbeidsoppgaver er støtte og rådgjeving til barn, unge og familier, samarbeid med førstelinjetenesta
  • Rettleiing og konsultasjon til pårørande og ulike samarbeidspartar

 

Kvalifikasjonar

  • Krav om utdanning og norsk autorisasjon som sjukepleiar, ynskjeleg med vidareutdanning som psykiatrisk sykepleier/pediatrisjukepleiar
  • Erfaring fra arbeid i psykisk helsevern for barn/unge og/eller voksne, arbeid i psykisk helseteneste i kommune, barnevern, PPT el.l. vert vektlagt
  • Særleg interesse for utgreiing og behandling av barn og unge med mogeleg ADHD-tilstand
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskap
  • God kjennskap til lover og forskrifter

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe i team
  • Evne til å omstille seg i forhold til ulike situasjonar og pasientforløp
  • Vere målrettet, løysningsorientert og fleksibel
  • God kommunikasjonsevne
  • Det å vere personleg eigna for stillinga vert vektlagt
  • Ved tilsetting må politiattest leggast fram

Vi tilbyr

  • Ein spennande og hektisk arbeidskvardag
  • Eit stort og inkluderande fagmiljø, med vekt på tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårSterkt tverrfagleg samarbeid

Kontaktinformasjon

Hilde Sivertsen, Seskjonsleiar, 99245684, Hilde.Sivertsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Nøisomhedvegen 12
6416 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4802623697
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Poliklinikk BUP Molde, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 912777219
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted MOLDE (Adresse: Nøisomhedvegen 12 Postnr: 6416)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/868d9b70-e9cc-4e72-8bcf-bed9c64d8880
IMPORTAPI