Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Sjukepleiar – integreringstenesta

Høyanger kommune har som mål å busette fleire flyktningar og treng difor å styrke integreringstenesta med ei 100% stilling som sjukepleiar frå snarast. Integreringstenesta er organisert i eininga kultur og mangfald.

Vil du?
• Jobbe med å etablere flyktningar og rettleie dei i det å bu i Norge frå eit helseperspektiv?
• Jobbe førebyggjande og helsefremjande i tråd med lov, forskrift og nasjonale faglege retningslinjer?
• Koordinere tverrfagleg bistand i familiar med samansette behov i eit tverrfagleg samarbeid med kommunale instansar og spesialisthelsetenester?
• Delta i undervisning i livsmeistring i introduksjonsprogrammet?
• Sørge for at dei som kjem får ein god start i Høyanger kommune uavhengig av kor dei kjem frå?

Arbeidet i stillinga er variert og sjølvstendig. Den som blir tilsett må rekne med endringar i arbeidsoppgåvene etter kvart som behova oppstår/endrar seg. Oppgåvene er hovudsakleg innhenting av helseinformasjon frå IMDi og mottaka før flyktningane kjem, bistå når dei kjem til Høyanger og i tida rett etterpå og rettleiing og undervisning innan livsmeistring. Vidare får du ei nøkkelrolle i samarbeidet med legekontor, helsestasjon og skule.

Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.

Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!

Kvifor Høyanger?
• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
• Eit rikt lag- og organisasjonsliv
• Fokus på samskaping og samarbeid
• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

Kvifor søkje hos oss?
• Interessante, viktige og varierte oppgåver i integreringstenesta og på tvers av eininga kultur og mangfald
• Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
• Fleksitid
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Hjelp til å skaffe kommunal bustad

Dine kvalifikasjonar:
• Offentleg godkjenning som sjukepleiar
• Kompetanse og erfaring frå arbeid med migrasjonshelse
• Evne til tverrfagleg samarbeid på tvers av fagområda, som legetenesta, helsestasjon, psykisk helse, barnevern og andre einingar i kommunen
• God digital kompetanse
• Førarkort kl. B

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!

Den som blir tilsett må levere godkjend politiattest før oppstart.

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med integreringskoordinatorane Elias Zimmerman Espeseth på tlf. 57711529 eller Frida Valsvik Offerdal på tlf. 99219406 og høyr deira erfaringar.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events?filters=global_filters_municipalities(EQ)87d60c8c-c2dc-4209-a3c5-8e0ac1860e2e$$true

Meir om korleis Høyanger kommune skal arbeide med samfunnsutvikling dei neste åra finn du her:

https://www.hoyanger.kommune.no/_f/p9/i3738d1b9-f9b9-420a-99b2-39c10680eb07/samfunnsdelen_vedteken-versjon_2012.pdf

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Høyanger kommune Høyanger kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Høyanger kommune er ein langstrakt kommune som ligg på begge sider av Sognefjorden i Vestland fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen og vakker natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4000 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode oppvekstvilkår med gode skule- og barnehagetilbod samt variert fritidstilbod innan idrett og musikk. Vi har gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett. For meir informasjon sjå www.hoyanger.kommune.no
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted HØYANGER (Adresse: August Gunnarskogs gate Postnr: 6993)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/630a484c-1410-40dd-8329-64a5835472b5
IMPORTAPI