Sjukepleiar/miljøterapeut – Sogndal kommune Psykisk helse og rus

Health and social care Nurse

(2 weeks ago)

  • SOGNDAL
  •  Post Date: 18. April 2024
  •  Expire date: 2. June 2024
Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 02-06-2024

 

Sjukepleiar/miljøterapeut

Me har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/miljøterapeut i psykisk helse- og rustenesta. Stillinga er i psykisk helseteam, med kontorstad hovudsakleg i Sogndal. Ein må rekne med å nytte ein dag i veka i andre soner, som Leikanger og Balestrand etter behov. Dersom det i tilsettingsperioden blir ledige andre stillingar i psykisk helseteneste, kan søkjarar bli vurdert til desse.

 

Psykisk helseteam er eit lågterskeltilbod til vaksne i Sogndal kommune som har utfordringar innan psykisk helse og-/eller med rusmiddelbruk. Tilbodet består av individuell oppfølging, hovudsakleg i form av samtalar. Tenesta følgjer opp brukarar som til dømes har utfordringar innan angst, depresjon, livskriser, utmatting og problematisk rusmiddelbruk eller annan avhengigheit.

 

Som ein del av psykisk helseteam skal du bidra til at psykisk helse- og rustenesta gir eit godt tilbod til innbyggjarar i Sogndal kommune i form av førebygging og behandling av psykisk helse- og rusutfordringar. Dette omfattar og å bidra til vidareutvikling av tenesta i tråd med nasjonale føringar.

 

Arbeidsoppgåver og ansvar omfattar blant anna å:

· kartlegge brukar sitt behov og gi individuelt tilpassa oppfølging,

· gi støtte og hjelp i heimesituasjon,

· delta i ansvarsgrupper,

· være støtte for pårørande,

· ha samarbeid med andre tenester i kommunen, spesialisthelsetenesta, NAV mm.

 

Kvalifikasjonar:

· Treårig helse- og sosialfagleg utdanning frå universitet/høgskule

· Vidareutdanning innan psykisk helse eventuelt rusproblematikk vil være ei føremon

· Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus vil vere ei føremon

· Kjennskap til Gerica

· Førarkort klasse B

· Gode norsk kunnskapar

· Politiattest av nyare dato ved tilsetting

 

Personlege eigenskapar:

· Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig

· Har god relasjonskompetanse

· Er fleksibel og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar

· Gode samarbeidsevner og samstundes vere audmjuk for andre sin kompetanse og erfaringar

· Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd

 

Me tilbyr:

· Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling

· Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar

· Eit godt arbeidsmiljø

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Arbeidstid på dagtid

· Lønn etter tariffavtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Psykisk helse og rus orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted SOGNDAL (Adresse: Postnr: 6856)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/729cea3d-eb7e-4bb1-8b44-393174f436bc
IMPORTAPI