Sjukepleiar natt – Tysnes kommune

Health and social care Nurse

(2 weeks ago)

  • UGGDAL
  •  Post Date: 28. April 2024
  •  Expire date: 2. June 2024
Job Description

Published 28-04-2024
Deadline: 02-06-2024

 

Sjukepleiar natt

Tysnes omsorgssenter ligg i nye, fine lokaler, i eit moderne bygg  som stod ferdig i 2017. Me er oppteken av pasientnært arbeid, og Hospital IT er eit av hjelpemidlane som gjev oss meir kvalitetstid med bebuarane. 

Tysnes omsorgssenter består av 30 institusjonsplassar, plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald og dagsenter for personar med demens. Me har óg ein KAD-plass der det vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som alternativ til innlegging på sjukehus.

Heimetenesta er lokalisert i samme bygg, og me har eit tett samarbeid for å sikre gode tenester og eit heilskapleg pasientforløp.

Me har ei stabil og faglig trygg gruppe tilsette med eit godt samhald. Her kan du lese meir om kva me verdsetter i arbeidsmiljøet her hos oss.

Me søkjer no etter ein ny kollega, med autorisasjon som sjukepleiar, til fast  66 % stilling på natt. 

På natt er omsorgssenteret bemanna med tre våkne nattevakter som har rullerande annsvar for heimebuande brukarar.

 

For andre stillingar sjå www.tysnes.kommune.no/ledigestillingar 

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg ansvar for pleie- og omsorg relatert til bebuarane.
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver og vurderingar.
  • Bistand til bebuarar på omsorgssenteret og til heimebuande brukarar.
  • Følgje opp pleieplanar og prosedyrar.
  • Dokumentasjon i CosDoc.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Vernepleiar kan også verta vurdert for stillinga.  
  • Førarkort kl. B.
  • Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa er eit ønskje.
  • Tverrfagleg forståing – saman yt me best teneste.
  • Gode grunnleggjande datakunnskap.
  • God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
  • Kjennskap til journalsystemet CosDoc vil vera ein fordel.
  • Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Profesjonell tilnærming til arbeidet og evne til å anvende kunnskap i praksis.
  • Engasjert, ansvarsfull og arbeidar målretta med pasientintervensjonar og oppfølging av desse.
  • Tillitsfull,  fleksibel, initiativrik og oppteken av å bidra til godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
  • Trivast med utfordringar, er løysingsfokusert og oppteken av godt samarbeid.
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Me tilbyr

  • Stillingsstorleik: 66 % natt med arbeid kvar 3.helg.
  • Høgt fagleg nivå i personalgruppa.
  • Løn etter kvalifikasjoner.
  • Lokal kompensasjon for arbeid på natt. 
  • Bonussystem for dei som tek ekstra arbeidstid, helg.    
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Høve for flyttegodtgjerdsel ved fast tilsetjing. 
  • Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv.

 

Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Kontaktinformasjon

Helga Nilsen Boland, Einingsleiar Tysnes omsorgssenter, 95 17 68 46
Kristine Trane, Kommunalsjef helse og omsorg, 90 04 15 61

Arbeidssted

Uggdalsdalen
5685 Tysnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Tysnes kommune

Referansenr.: 4807601697
Stillingsprosent: 66%
Fast
Søknadsfrist: 02.06.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tysnes kommune orgnr: 976830849
Kort om arbeidsgiver

Draumen om livet på landet, finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt øykommune sør for Bergen, og om du spør oss: verdas beste kommune å veksa opp i!

Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å leva og bu i.

Tysnes er ein hjarteforma kommune nord i Sunnhordland. Perfekt for deg som er på jakt etter ein roleg og eventyrleg livsstil. Me har kort veg til kringliggande byar, og me trur du vil bli overraska over kor mykje kystkommunen har å tilby.

Me har flotte badeplassar og skianlegg på fjellet, frodig natur og skiftande landskap. Frå høgfjell til idylliske hamner, med gode moglegheiter for friluftsliv.

Eit rikt lags- og organisasjonsliv gjer eit variert fritidstilbod til både vaksne og unge. Småskalaprodusentar byr på ekte og økologiske smaksopplevingar. Øya byr på eit riktig kulturliv gjennom heile året, med Tysnesfest om sommaren som den største.

Sentralt plassert, men likevel langt nok unna kjaset og maset til bylivet. Det betyr at du kan nyta frisk luft, kulturelle storhendingar og avslappande ro. Med uendelege høve til å utforska fjell og fjord, er Tysnes den perfekte staden å kalla heim.

Webside http://www.tysnes.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted UGGDAL (Adresse: Uggdalsdalen Postnr: 5685)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2e6ea7ee-7381-4646-8117-a2b5491b8ed9
IMPORTAPI