Job Description

Published 25-04-2024
Deadline: 14-05-2024

 

Sjukepleiar/vernepleier – 100% fast stilling

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS), på avdelinga for personar med demens (Buas institusjon)
Stillinga er ledig frå dags dato og inneber turnusarbeid dag/kveld med arbeid kvar 3. helg.
Er dette noko for deg eller nokon du kjenner? Då håper vi at du sender oss ein søknad!

Helsefagarbeidar vil også verte vurdert dersom det ikkje er søkera som sjukepeleiar/vernepleiar.

Buas institusjon( demensavdeling) har 18 plassar fordelt over 3 bufellesskap. Det er mange dyktige og fagleg engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
Det er samarbeid på tvers av avdelingar ved behov.

På BUAS er det totalt 60 plassar fordelt på 4 avdelingar. Det er 2 avdelingar for demente,  2 avdelingar med heildøgns omsorg (leiligheter)der det også er nokre langtids institusjonsplassar. På omsorgssenteret er det også korttidsrehab avdeling og 1 KAD plass som er organisert under heimetenestene.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
  • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
  • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
  • Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Du må gjerne ha erfaring frå å jobbe med pasientar med demens sjukdom. Ellers vert det gitt opplæring
  • Autorisasjon som sjukepleiar. Helsefagarbeidar vil også verte vurdert dersom det ikkje er søkera som sjukepeleiar/vernepleiar
  • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Vise fagleg engasjement
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP (hyperlenke)
  • Rekrutteringstillegg til nytilsette

 

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
 
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218 , wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16
6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4806342121
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Webside http://www.sykkylven.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted SYKKYLVEN (Adresse: Haugneset 16 Postnr: 6230)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 14-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/dd582e73-d5f9-4b5e-b74f-0894ecae8397
IMPORTAPI