Sjukepleier i Heimetenesta – Austrheim kommune

Education University and Collage

(2 weeks ago)

  • AUSTRHEIM
  •  Post Date: 23. April 2024
  •  Expire date: 13. May 2024
Job Description

Published 23-04-2024
Deadline: 13-05-2024

 

Sjukepleier i Heimetenesta

Om stillinga

Har du lyst til å arbeide som Sjukepleiar i Heimetenesta? Me har ledig stilling på dag/kveld med arbeid 4. kvar helg. I Heimetenesta arbeidar alle langvakter på helg, noko som er spanande og framtidsretta.

Heimetenesta er organisert i ei sone, med oppmøtestad i underetasjen på Nordliheimen sjukeheim. Me nyttar Visma Profil, og me har stort fokus på gode tenester til heimebuande og bruk av velferdsteknologi i tenesteytinga. Digitalisering og bruk at ny teknologi er viktige satsningar for framtida i Austrheim.

Som sjukepleiar er du ein del av eit tverrfagleg team som er oppteken av kvalitiet og fagutvikling. Det tverrfaglege samarbeidet er godt forankra som eit ledd i helse- og omsorgstenesta sitt arbeid med kvalitetsforbetring.

Arbeidsoppgaver

  • Pasientretta arbeid knytt til pleie, omsorg og behandling for dei som bur i eigen heim
  • Samarbeid med pasient, pårørende og kollega
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
  • Være med å videreutvikle digitalisering av tenestene og utvikling av velferdstekonologi i kommunen
  • Varierte arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert sjukepleiar
  • Førerkort klasse B
  • Gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg
  • Gyldig politiattest
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt

Personlege eigenskaper

  • Du trivst å arbeida med eldre og personar med samansette hjelpebehov
  • Du trivst med ansvar og utfordringar
  • Du vektlegg trivsel, kvalitet og samarbeid
  • Du er trygg på deg sjølv og kan arbeida sjølvstendig og i team
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er løysningsorientert

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Moglegheit for vidareutdanning
  • God pensjonsordning gjennom  KLP
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Heimetenesta på jobb

Flotte damer som har det kjekt på jobb!

I heimetenesta har vi eit godt arbeidsmiljø – som vi håpar akkurat du vil vere med i!

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Austrheim kommune orgnr: 987550600
Kort om arbeidsgiver

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim – både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.

Austrheim inviterer deg til opne landskap – med eit ope sinn! 

 

Webside https://www.austrheim.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Universitet og høyskole
Sted AUSTRHEIM (Adresse: Sætremarka 2 Postnr: 5943)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2eb835c1-dad0-4eb2-9f1a-3d86a3448a23
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262099