SLT- og folkehelsekoordinator – Høyanger kommune Høyanger kommune

Education Kindergarden

(2 weeks ago)

  • HØYANGER
  •  Post Date: 18. April 2024
  •  Expire date: 5. May 2024
Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

SLT- og folkehelsekoordinator

100% fast stilling ledig frå snarast. Stillinga er organisert i eininga kultur og mangfald.

Vil du?
• Jobbe med folkehelse, SLT og BUA (barn-unge-aktivitetar) i ein god miks?
• Samarbeide tett med kommunale einingar, frivillige lag og organisasjonar og næringsliv?
• Jobbe målretta og fagleg med folkehelse?
• Koordinere SLT -arbeidet i kommunen?
• Søke tilskot, rapportere, aktivt utvikle tilbod til barn og ungdom i heile kommunen i regi av BUA?
• Koordinere, planlegge og legge til rette for gjennomføring av kommunen sitt folkehelsearbeid i lag med fagfolk på tvers i kommunen?
• Legge til rette for innbyggjar-medverknad og samhandling?
• Førebu og skrive saksframlegg for politisk handsaming?
• Delta og drive utviklingsarbeid innanfor fagområda?
• Vere med å bidra til at kommunen når sine mål om god samfunnsutvikling?

Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.

Arbeidet i stillinga er variert og sjølvstendig. Du får ei nøkkelrolle i kontakten med alle einingar i kommunen innan folkehelsearbeidet og i koordineringa av SLT-arbeidet. I tillegg får du ansvaret for aktiv oppfølging av BUA og aktivitetar for barn og unge

Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!

Kvifor Høyanger?
• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
• Eit rikt lag- og organisasjonsliv
• Fokus på samskaping og samarbeid
• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

Kvifor søkje hos oss?
• Varierte arbeidsoppgåver med spennande faglege utfordringar i eininga kultur og mangfald
• Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
• Fleksitid
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Hjelp til å skaffe kommunal bustad

Dine kvalifikasjonar:
• Høgare utdanning på minimum bachelornivå innan sosial-, helse-, samfunnsfag eller fysisk aktivitet
• God digital kompetanse
• Sterk interesse for folkehelsearbeid
• Kunne arbeide sjølvstendig
• God kjennskap til bruk av friluftsutstyr, alt frå lavvo og kajakk til langrenn- og alpint
• Kjennskap til offentleg forvaltning
• Ønskjeleg med rettleiings- og sakshandsamingskompetanse
• Førarkort kl. B

Det må påreknast noko arbeid på ettermiddag og helg. Det må også påreknast deltaking i andre førefallande oppgåver i tenesteområdet. Den som blir tilsett må levere godkjend politiattest før oppstart.

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Kine på tlf 45142074 eller Elias på tlf 99219343 og høyr deira erfaringar.

Les meir om BUA her: https://www.bua.no/

Lurer du på kva du elles kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Meir om korleis Høyanger kommune skal arbeide med samfunnsutvikling dei neste åra finn du her:

https://www.hoyanger.kommune.no/_f/p9/i3738d1b9-f9b9-420a-99b2-39c10680eb07/samfunnsdelen_vedteken-versjon_2012.pdf

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Høyanger kommune Høyanger kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Høyanger kommune er ein langstrakt kommune som ligg på begge sider av Sognefjorden i Vestland fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen og vakker natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4000 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode oppvekstvilkår med gode skule- og barnehagetilbod samt variert fritidstilbod innan idrett og musikk. Vi har gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett. For meir informasjon sjå www.hoyanger.kommune.no
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted HØYANGER (Adresse: August Gunnarskogs gate Postnr: 6993)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/eea6382f-4421-4b29-a2d5-d06ba931ba21
IMPORTAPI