Job Description

Published 10-05-2024
Deadline: Snarest

 

Socon Norheimsund AS søker industrirøyrleggjar

Grunna auka aktivitet og oppdragsmengder søkjer me etter fleire industrirøyrleggjara til vårt arbeidslag.

Hva vi ser etter

Ønska kvalifikasjonar:

· Erfaring som industrirøyrleggjar

· Førarkort kl. B

· God i norsk, munnleg og skriftleg.

Ikkje krav, men fordel med:

· Fagbrev

· Sveisesertifikat 111/136/138/141

· Sertifikat for truck og G-4 traverskran

Arbeidsoppgaver

I Socon Norheimsund Sveis er me stolte av å ha bygd opp ein arbeidsplass med gode rutinar og gode kollegaer. Me får inn mange varierte arbeidsoppdrag og som operatør hjå oss vil du difor få ein variert vidareutvikling av din kompetanse innan fagfeltet.

Me ser etter deg som kan jobbe sjølvstendig og finn smarte løysingar for å få arbeidsoppgåva gjort. Du liker å jobbe med hendene og er nysgjerrig på å læra. Om du i tillegg arbeider systematisk og er opptatt av å følgje standardar og HMS-krav, vil du passe godt inn hjå oss.

Vi tilbyr

Som tilsett hjå oss er du del av ein fin arbeidsgjeng med godt humør og arbeidslyst.

Me har tariffavtale gjennom Fellesforbundet med ryddige lønsforhold.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Socon Norheimsund Sveis As orgnr: 981041461
Kort om arbeidsgiver

Socon Norheimsund Sveis AS har sidan 1991 drive allsidig verksemd innan mekanisk produksjon og vedlikehald til industri-, anlegg-, skips-, og offshoresektorane. Produksjonslokale og kontor ligg sentralt i Norheimsund.

Socon Norheimsund Sveis AS er eit selskap i konsernet Sotra Gruppen AS. Konsernet består av morselskap og tre dotterselskap. Vårt søsterselskap Sotra Anchor & Chain AS er ein av Europas største innan anker og kjetting med kundar over heile verda og vårt søsterselskap Sotra Contracting AS på Vindenes tilbyr mekaniske tenester til shipping, fiskeri, oppdrett og industri.

Webside https://norheimsundsveis.no/
Bransje Håndverkere
Yrke Rørlegger
Sted NORHEIMSUND (Adresse: Vikøyvegen 16 Postnr: 5600)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/19788037-64a7-4a6d-8d61-31926be325fd
Stillingsregistrering