Job Description

Published 28-04-2024
Deadline: 19-05-2024

 

Sokneprest i Florø i Sunnfjord prosti med sokna Bru, Eikefjord, Kinn og Nordal som tenestestad

Vi har ledig stilling som sokneprest i Florø med tenestestad i Bru, Eikefjord, Kinn og Nordal sokn.
Hos oss har vi småbyens gleder og storbyens utfordringar: dugnadsånd og samarbeid, men også utenforskap og ensomhet. Vi søkjer etter ein prest som ynskjer å bygge kyrkjelyd, møte folk der dei er i livet og skape inkluderande fellesskap. Her vil du møte utfordringar og utvikle deg som prest.

Det er om lag 12000 innbyggjarar i denne delen av kommunen, av desse bor om lag 10000 i byen. Av innbyggjarane er 80% medlemmer i Den norske kyrkja. I Kinn kommune står dei havrelaterte næringane sterkt – t.d. havbruk, verfts-, fiske- og oljeindustri. Heile 2/3 av arbeidstilknytninga i kommunen er i det private næringslivet og i indre er ein del knytt til landbruk. Kommunen har variert natur og gode høve for eit aktivt friluftsliv. Det er eit bredt spekter kultur- og fritidstilbod i Florø med kor, korps og kulturskule. Frå Florø er det gode kommunikasjonar, flyplass (Oslo 1 t/Bergen 30 min) og fleire daglege avgangar med ekspressbåt til Bergen.

Sokna er kjenneteikna av at vi har byen og i tillegg småbygdene og øyene. Vi har fem kyrkjer. Mellomalderkyrkja på Kinn er ein av nøkkelstadane på kystpilegrimsleia og staden der Kinnaspelet vert framført kvart år.

Vi søkjer ein sokneprest til ei variert og allsidig presteteneste. Vi ynskjer ein som trivst med å arbeide med barn og unge. Denne stillinga vil kunne passe for ein som er nyutdanna.

Staben har nye kontor i eit eige Kyrkjetorg sentralt i Florø. Her er nyoppussa og funksjonelle lokaler. Kyrkjetorget vart etablert i 2024 og aktivitetstilbodet her er under oppbygging. Ved kontoret arbeider det tre prestar, to organistar, to trusopplærarar i 50% stilling, sekretær og dagleg leiar. Vi har tilsett fleire nye medarbeidarar siste året.

Prosten leiar prestetenesta i prostiet og kallar jamleg prestane inn til fagsamlingar. Sunnfjord prosti omfattar seks kommunar og har 17 sokn. Det er 15 prestar i prostiet.

Det er ein fordel å ha førerkort og disponere eigen bil.

Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unnatak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.  

Arbeidsoppgåver

  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • Konfirmantundervisning
  • Trusopplæring i lag med trusopplærarar.
  • Soknerådsarbeid
  • Diakonalt arbeid retta mot innvandrarar og eldre kan inngå som ein del av stillinga
  • Stillinga inngår i Den norske kyrkja si ordning for beredskap

Kvalifikasjonar

  • Cand. Theol. Med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
  • Medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • Evne og vilje til samarbeid 
  • Gode formidlingsevner
  • Eit ønske om å bygge relasjoner og motivere frivillige
  • Søkjar må og kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

Vi tilbyr

  • Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
  • Pensjonsinnskott i Statens pensjonskasse
  • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldende regulativ
  • Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
  • Arbeidsvegleiing (ABV)

Kontaktinformasjon

Knut Magne Nesse, Prost i Sunnfjord, 91713275
Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276

Arbeidsstad

 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Den norske kirke

Referansenr.: 4807540309
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside http://www.kirken.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Religiøst arbeid
Sted FLORØ (Adresse: Postnr: 6905)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d9b6ca9d-fb17-4232-9fd8-2d1fb94abf02
IMPORTAPI