Sommarjobb Bømlo bu- og helsesenter – Bømlo kommune

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(3 måneder ago)

  • BREMNES
  •  Post Date: 21. January 2024
  •  Expire date: 30. April 2024
Job Description

Published 21-01-2024
Deadline: 30-04-2024

 

Sommarjobb Bømlo bu- og helsesenter

Har du lyst på ein spanande sommarjobb innafor helse? Vil du bli ein del av vårt omsorgsteam, og ynskjer å gjer ein skilnad i kvardagen til våre pasientar? Då er dette jobben for deg!

Me lyser no ut ei annonse for sommarjobb ved Bømlo bu- og helsesenter. Me ynskjer deg som har høve for å jobbe 6 veker i løpet av veke 25-32, og spesielt i juli/august månad.

Arbeidsoppgåver og litt om oss

Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i dei daglege oppgåvene på ein av avdelingane våre på Bømlo bu- og helsesenter. Me kan lova ein spanande og variert sommarjobb med høve for læring og utvikling. Me vil gje deg introduksjon/opplæring.

Ved Bømlo bu- og helsesenter har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit
positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt
arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Institusjonen
består av tre avdelingar: Korttid og rehabilitering (KOR), Post 1, og Post 2. I tillegg har me eige kjøkken og reinhaldsavdeling, og treng nokon som ønskjer å jobbe som kjøkkenassistent eller reinhaldsassistent i sommar. 

  • KOR er ein aktiv avdeling med høg fagleg kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Avdelinga har 7 korttidsplassar og 5 rehabiliteringsplassar. Avdelinga har tverrfagleg samarbeid med lege, heimetenesta, tenestekontor, samt ergo- og fysioterapitenesta.
  • Post 1 og Post 2 er to langtidsavdelingar med 34 og 25 plasser. Avdelingane har god fagdekning, høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med arbeidsoppgåver som er både varierte og utfordrande. Avdelinga har eit tett tverrfagleg samarbeid med blant anna lege og ergo-fysioterapitenesta.
  • Kjøkkenet kokar og lagar mat til bebuarane på sjukeheimane, til heimebuande og til dei på trivselshuset. I tillegg har dei ansvar for kantinedrift på helsehuset og på rådhuset.
  • Reinhald har ansvar for reinhald på heile helsehuset måndag til fredag. 

Kvalifikasjonar

Me søkjer:

  • Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, eller andre med fullført helsefagleg utdanning.
  • Studentar og elevar innan helsefagleg utdanning. 
  • Assistentar til reinhald/kjøkken.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 
Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav.
Søkjarar utan erfaring vert og vurdert. 

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Personlege eigenskapar

  • Du er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andre
  • Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
  • Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
  • Du er påliteleg og ansvarsfull.  
  • Du er fleksibel og løysingsorientert.

Me tilbyr

  • Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
  • Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.

Bonus
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. Sommarvikarar er dei som har søkt sommarjobb, uavhengig om dei elles i året har små stillingar i tenestene våre.

Anna informasjon
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4. 
For arbeid på institusjon og i omsorgstenester, samt legetenesta må du ha fylt 18 år.

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn 
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Søknader vert behandla fortløpande. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Monica eller avdelingssleiarar Isabel, Chatrin og Leif Christian.

 

Kontaktinformasjon

Ann Mari Mikalsen, Kjøkkenleiar, 47275457, ann.mari.mikalsen@bomlo.kommune.no
Isabel Knutsen, Avdelingssjukepleiar KOR, 909 34 641, isabel.knutsen@bomlo.kommune.no
Chatrin Pedersen Risøy, Avdelingssjukepleiar Post 2, 474 52 732, chatrin.risoy@bomlo.kommune.no
Leif Christian Andersen, Avdelingssjukepleiar Post 1, 908 93 242, leif.christian.andersen@bomlo.kommune.no
Monica Smedsrud, Verksemdsleiar, +47 40485607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Leirdalen 25
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 4751416673
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bømlo kommune orgnr: 929078683
Kort om arbeidsgiver

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon

I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring

Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Webside http://www.bomlo.kommune.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BREMNES (Adresse: Leirdalen 25 Postnr: 5430)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-04-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b9845e44-4290-4831-b9fa-117175c65d91
IMPORTAPI