Job Description

Published 25-03-2024
Deadline: 30-04-2024

 

“Sommarjobb for ungdom 17”

Ordninga “Sommarjobb for ungdom 17” i Surnadal kommune.

Ungdomar som fyller 17 år i løpet av 2024 og som er registrert busett i kommunen, kan søke på ordninga.

Hovudmålet er å gje ungdomane innsikt i Surnadal kommune som arbeidsplass og er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.

Den som får tilbod gjennom ordninga får arbeid i 2 veker kvar og må kunne arbeide desse to vekene samanhengande.

I 2024 er det ungdomar født i 2007 som kan søke og få tilbod om arbeid.

 

Aktulle arbeidsoppgåver du kan få tildelt er:

Reinhald, rydding, vedlikehald av grøntanlegg, maling/beising, arbeid i barnehage, lett vedlikehald, kjøkkenarbeid, miljøtiltak på omsorgsbustader, i bu- og aktivitetstenesta eller ved institusjonane,

 

Tilsettingsvilkår:

Tilsettings-, lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med lover, forskrifter og avtaleverk.

Krav om tilfredsstillande politiattest for arbeid innan pleie- og omorgstenesten og i barnehagar. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Dersom det er veker i sommar du ikkje kan arbeide, må du hugse å skrive det i søknaden din.

 

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Surnadal kommune Sentraladministrasjonen orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sentraladministrasjonen består av administrativ leiargruppe, stabs – og støtte funksjonane i kommunen:

Personal og stab som inneheld personalavdeling, dokumentsenter/arkiv, publikumsmottak / informasjon og politisk sekretariat.

IKT-avdeling med intern brukarstøtte, opplæring, strategisk IKT, lokale IKT -prosjekt og IKT -prosjekt i IKT Orkide, samt digitale fellessystem.

Økonomi med ansvar for budsjett, rapportering, rekneskap, innkjøp, fakturering og fakturabehandling, løn og refusjonar samt eigedomsskatt.

Det interkommunale samarbeidet der Surnadal kommune har ei sentral rolle, Oppvekstnettverk Nordmøre, inngår også i området.

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted SURNADAL (Adresse: Bårdshaugvegen 1 Postnr: 6650)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 20
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-04-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2ed8f2c7-ca7b-4d2b-880d-72451978b17c
IMPORTAPI