Sommarjobb for ungdom – FriMoro – Luster kommune Folkehelse
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(3 weeks ago)
Job Description
Published 23-04-2024
Deadline: 02-06-2024
Sommarjobb for ungdom – FriMoro
Vil du vera med og lage sommaraktivitetar i Luster kommune?
Luster kommune og Luster frivilligsentral skal i samarbeid med lag og organisasjonar tilby FriMoro og sommaraktivitetar i 2024.
FriMoro og sommaraktivitetane skal medverke til meistring, samhald, glede og nye opplevingar.
Aktivitetane blir i veke 26 og 27. Lengda på engasjementet kan variere frå to dagar til seks dagar.
For å gje eit variert tilbod til deltakarane treng me engasjerte og ansvarlege ungdommar over 13 år, som likar å arbeida med barn og unge.
Du får ansvar for å bidra der det trengs. Dette kan vera å lage mat, rydde, rigge i forkant og etterkant, bidra på aktivitetane m.m.
Kvalifikasjonar:
- Ha interesse for arbeid med barn og uinge
- Gode samarbeidsevner
- Ønskje om å bidra til at barn og uinge får ei fin oppving på sommaraktivitet
Du må levere politiattest av ny dato ved oppstart.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO