Job Description

Published 21-04-2024
Deadline: 06-05-2024

 

Sommarjobb på turistinformasjonen

Har du lyst på ein kjekk sommarjobb i år?  

På turistinformasjonen leitar me etter turistvertar som vil vera eit godt vertskap for besøkande som kjem til  Kvinnherad denne sommaren. Turistane som kjem innom oss lurar på kva dei kan oppleve i kommunen, og turistverten sin jobb er å hjelpe turistane med det dei lurar på.  

I samarbeid med veg og park kan stillinga som turistvert kombinerast med å gjera enkle oppgåver på kaiområdet i Rosendal. Dette vil i så fall inkludera å sjå til at det ser fint og ryddig ut på kaiområdet og ved terminalbygget.   

 

Arbeidsoppgåvene som turistvert inkluderar: 

  • Å hjelpe turistar på turistkontoret.  

  • Ha tilsyn ved Skaalurensamlinga og bidra med formidling om samlinga.  

  • Billettsal til utstillinga på Folgefonnsenteret og Skaalurensamlinga.  

  • Sjå til at lokalet er ryddig innandørs og utandørs.  

  • Ha tilsyn ved kaiområdet og terminalbygget (til dømes sjå til at terminalbygget og kaimområdet er ryddig for søppel).  
     

Søkjarar frå 16 år vil verta vurderte.  

Det er størst behov for turistvertar i juli, men heile skuleferien er aktuell. Me ber om at du i søknaden skriv kva tidsperiode du kan jobbe i.  

Arbeidstid vil vera innanfor opningstidene våre kl. 10-18, med arbeid minst kvar 3. helg.  

Lønn etter tariff.  

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling orgnr: 874614882
Kort om arbeidsgiver Samfunnsutvikling har mange og vide ansvarsområde: næringsutvikling, klimaarbeid, folkehelse, kommuneplanlegging, reguleringsplanlegging, naturvern, byggesak, geodata, miljøretta helsevern, eigedomsskatt, bibliotek, kulturarenaer og kulturadministrasjon, frivillig innsats, jord- og skogbruk, vilt- og fiskeforvaltning, turisme og vertskap.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Forskningsarbeid
Sted ROSENDAL (Adresse: Rosendalsvegen 10 Postnr: 5470)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/08fb26ce-4a08-4ebb-8a0a-3f2cf7abafce
IMPORTAPI