Job Description
Published 23-01-2024
Deadline: 30-04-2024
Sommarjobb Psykisk helse og rus
Har du lyst på ein spanande sommarjobb innafor helse? Vil du bli ein del av vårt omsorgsteam, og ynskjer å gjer ein skilnad i kvardagen til våre pasientar? Då er dette jobben for deg!
Me lyser no ut ei annonse for sommarjobb på avdelinga miljøteneste ved Bømlo Psykisk helse og rus. Me ynskjer deg som har høve for å jobbe 6 veker i løpet av veke 25-32, og spesielt i juli/august månad.
Arbeidsoppgåver og litt om oss
Psykisk helse og rus er ei verksemd med over 20 dedikerte tilsette, som tilbyr hjelp til vaksne innbyggjarar som har vanskar knytt til rus og/eller psykisk helse.
Verksemda består av ulike tenester; rustenesta, psykisk helse, miljøtenesta. samt Nyving møteplass og aktivitetstilbod. Det er kun til miljøtenesta me skal ha ferievikarar.
Miljøtenesta er eit tilbod til vaksne som av ulike årsaka treng praktisk og personleg hjelp til dagleglivets gjeremål. Tenesta gjev praktisk bistand, råd, tilrettelegging og rettleiing slik at ein skal kunne meistre ulike oppgåver i eige liv.
Nokon av arbeidsoppgåvene er:
- Utlevering av medisinar
- Fylgje til diverse praktiske ærend og avtalar
- Tilsyn og yta personleg og praktisk bistand tilpassa enkelte sine behov.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i dei daglege oppgåvene på ein av avdelingane våre ved Psykisk helse og rus. Me kan lova ein spanande og variert sommarjobb med høve for læring og utvikling. Me vil gje deg introduksjon/opplæring.
Kvalifikasjonar
Me søkjer:
- Offentleg godkjent vernepleiar, sjukepleiar, helsefagarbeidar eller andre med helse- og/eller sosialfaglegutdanning
- Studentar og elevar innan helse- og sosialfaglege utdanningar
Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav.
Førarkort klasse B er et krav i denne stillinga.
Søkjarar utan erfaring vert og vurdert.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andre
- Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
- Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Me tilbyr
- Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
- Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Bonus
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. Sommarvikarar er dei som har søkt sommarjobb, uavhengig om dei elles i året har små stillingar i tenestene våre.
Anna informasjon
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4.
For arbeid på institusjon må du ha fylt 18 år.
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Søknader vert behandla fortløpande. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Synnøve Sørvik eller avdelingsleiar Bente Martens.
Kontaktinformasjon
Bente Martens, Avdelingsleiar, 479 77 804, bente.martens@bomlo.kommune.no
Synnøve Sørvik, Verksemdsleiar, 986 62 884, synnove.sorvik@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Bøtun 3
5430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 4757841138
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bømlo kommune orgnr: 929078683 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Berekraftige Bømlo er vår visjon! Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar. Pensjon Forsikring |
Webside | http://www.bomlo.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | BREMNES (Adresse: Bøtun 3 Postnr: 5430) |
Stillingstype | Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 30-04-2024 |