Sommarjobb Teknisk drift – Bømlo kommune

Carpenters Maler

(3 måneder ago)

  • BREMNES
  •  Post Date: 28. January 2024
  •  Expire date: 30. April 2024
Job Description

Published 28-01-2024
Deadline: 30-04-2024

 

Sommarjobb Teknisk drift

Avdeling for teknisk drift i Bømlo kommune søkjer no etter sommarvikarar. Kva med å kombinera sommaren med arbeid for nokon som verkeleg treng deg og din kompetanse?

Teknisk drift i Bømlo kommune spelar ein sentral rolle i å oppretthalde og utvikle ein fungerande og bærekraftig kommune. Teknisk drift har ansvaret for å sikre effektiv forvaltning og vedlikehald av infrastruktur og tekniske systemar. Dette inkluderer vegar, vatn- og avløpssystem, renovasjon, parkar, og offentlege bygningar. Deira oppgåver omfattar òg planlegging av nye prosjekt, miljøomsyn, og å handtere tekniske utfordringar som måtte oppstå. 

Arbeidsoppgåver

Som ein sommarvikar i teknisk drift kan ein forvente følgjande arbeidsoppgåver:

  • Maling
  • Plenklipping
  • Andre vedlikehaldsoppgåver.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast

Kvalifikasjonar

For arbeid på avdelinga teknisk drift må du ha fylt 18 år og ha førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og positiv
  • Du er god på kommunikasjon og samhandlar godt med andre
  • Du er strukturert, effektiv og påliteleg
  • Du er fleksibel og løysningsorientert

Me tilbyr

  • Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
  • Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.

Me brukar eigne lønssatsar for studentar som har fullført minimum 1 år av relevant høgskulestudie. Elles gjeld løn etter vanleg tariff.

Generelt 

  • Dei som vert tilsett hjå oss må stille seg til rådvelde minst 8 veker i løpet av ferieavvikling.
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Vardan eller avdelingsleiarar Jens Helge, Stein Erik eller Elin.

Kontaktinformasjon

Vardan Vardanyan, Verksemdsleiar, 953 64 698, vardan.vardanyan@bomlo.kommune.no
Jens Helge Habbestad, Driftsleiar bygningsvedlikehald, 534 23 144, jens.helge.habbestad@bomlo.kommune.no
Stein Erik Lyslo, Driftsingeniør, 941 07 581, stein.erik.lyslo@bomlo.kommune.no
Elin Kulleseid, Driftsleiar reinhald, 469 06 286, elin.kulleseid@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Bøtun 3
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 4758437841
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bømlo kommune orgnr: 874628352
Kort om arbeidsgiver

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Raus – hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig – me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert – driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.

Pensjon

I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring

Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Webside http://www.bomlo.kommune.no/
Bransje Håndverkere
Yrke Maler
Sted BREMNES (Adresse: Bøtun 3 Postnr: 5430)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-04-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fa2611a5-530a-48d6-83cf-7cbc6bc447b0
IMPORTAPI