Sommarjobb ved teknisk drift og vedlikehald – Alver kommune

Carpenters Vaktmester

(3 weeks ago)

  • ISDALSTØ
  •  Post Date: 10. April 2024
  •  Expire date: 30. April 2024
Job Description

Published 10-04-2024
Deadline: Unknown

 

Sommarjobb ved teknisk drift og vedlikehald

Kort om stillinga som ferievikar i drift og vedlikehald

Alver kommune søkjer etter ferievikarar til to av avdelingane våre på teknisk drift. Arbeidsoppgåvene er for det meste enkle forefallande vedlikehaldsarbeid.

Vi planlegg å tilsette 8 – 10 ferievikarar, og det vil vere størst behov i perioden veke 25- 33, og vi ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande arbeid eller som er i utdanning innan tekniske fag. Søknadsfristen er snarast, og me kontaktar aktuelle kandidatar fortløpande.

Arbeidsområdet vårt er heile Alver kommue, og vi har tre driftstasjonar lokalisert på Frekhaug, Manger og Alverflaten.

Aktuelle avdelingar

Veg Vatn og avlaup (VVA) har ansvar for drift og vedlikehald av veg, vatn og avløp i Alver kommune. I avdelinga er vi omlag 34 tilsette som har ansvar for å løyse oppgåvene.

Dei viktigaste oppgåvene i Bygg, anlegg og elektro er drift og vedlikehald av kommunale eigde og leigde bygg. Samla i avdelinga er omlag 45 tilsette. Vi har i dag over 160.000 kvm bygningsmasse som kommunen eig, rundt 365 kommunale utleigebustader, og over 9000 kvm leigd areal.

  • Avdeling Veg, vatn og avlaup – avdelingsleiar Ole Kristian Rolland
  • Avdeling Bygg, anlegg og elektro – Knut Hopland

Kompetansekrav

  • Er du elev eller student innanfor tekniske fag eller vurderar å bli det?
  • Har du erfaring frå liknade arbeid?
  • Er du positiv, pliktoppfyllnade og likar fysisk arbeid?
  • Trivs du med sjølvstendig arbeid og samt samarbeider godt med andre?
  • Har du førarkort klasse B?

Ja, då vil vi gjerne høyre frå deg

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande lov og tariffavtale
    • Som Arbeider mellom 16 og 18 år vil du minimum får ei timelønn på rundt kr 171
    • Som Arbeider over 18 år vil du få minimum ei timeløn på rundt kr 190
  • Pensjonsopptjening i KLP

Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.

I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta. 

 

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Håndverkere
Yrke Vaktmester
Sted ISDALSTØ (Adresse: Brann og driftsstasjon, Stølen 7 Postnr: 5914)
Stillingstype Sesong Heltid Antall stillinger: 10
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/86e982ff-eb87-46be-8d22-5d60b447aa3a
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/260680