Spennande styrarstilling – Voss herad Barnehage

Education SFO, barne- og fritidsleder

(2 weeks ago)

  • VOSS
  •  Post Date: 7. May 2024
  •  Expire date: 2. June 2024
Job Description

Published 07-05-2024
Deadline: 02-06-2024

 

Spennande styrarstilling

Det er ledig 100 % fast stilling som styrar i Gjernes barnehage frå 1.8.2024.

Me søkjer ein dyktig leiar som er motivert for stillinga og har visjonar om leiing av ein god barnehage. Du har evne til å inspirera, arbeida målretta og systematisk.
Du må stå fram som ein tydeleg leiar og vera god til å samarbeida mot felles mål. Du må vera fleksibel, ha godt humør og trivast i ein travel kvardag med varierte oppgåver. Det er ei føremon at du har erfaring med barnehage og leiing.

 

Voss herad tilbyr

  • Gratis årskort på ski ved Voss resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrste gongs tilsetjing i Voss herad
  • Løn etter avtale
  • God ordning for etter- og vidareutdanning
  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaringar med kvarandre
  • Gode kollega og eit positivt miljø
  • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • Eit godt tverrfagleg samarbeid, internt og mellom styrarane i kommunen
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • 10 leiardagar kvart år

 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad – Våre ledige stillingar (easycruit.com)

 

Om arbeidsstaden

Gjernes barnehage er ein to-avdelings barnehage med om lag 32 barn. Gjernes barnehage ligg 2 km frå Voss sentrum og har fine uteområde i og rundt barnehagen. Gjernes barnehage er med i rekomp ordninga med tema: «Alle barn i Gjernes barnehage opplever at dei har eit godt språkmiljø – og meistring ved bruk av språk og kommunikasjon med andre». Rekomp er satsingsområde i Gjernes barnehageåret 24/25.

Voss herad har gjennom heilskapleg utviklingsarbeid, og visjonen «Ein god start for alle» fokus på å vera ein lærande arena for sosial kompetanse, språk, leik, meistring og medverknad. Alle barnehagar i heradet arbeider med å skapa eit godt og trygt barnehagemiljø for alle barn.

 Arbeidsoppgåver

Styrar har ansvar for:

  • at barnehagen blir driven i samsvar med lov og regelverk
  • pedagogisk-, personal- og administrativ leiing av barnehagen
  • å aktivt bidra til eit godt utviklings-, lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • å sikra eit godt barnehage-heim samarbeid og møta føresette med høge forventningar til barnehagen på ein positiv og konstruktiv måte

Me har nært samarbeid mellom leiarane innan kommunalavdelinga og administrasjonen, m.a. gjennom faste leiarmøte, og tverrfagleg mellom leiarane. Me kan lova ei spennande og utfordrande stilling som gjev rom for fagleg og personleg utvikling.

 

Kvalifikasjonar:

  • Kompetansekrav: Barnehagelærar eller anna relevant høgskuleutdanning. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  •  Du er ein tydeleg og synleg leiar som engasjerer, motiverer og inspirerer til felles innsats
  • Du er analytisk og jobbar kunnskapsbasert i utvikling av barnehagen
  • Du er modig og handlekraftig, målretta og systematisk
  • Kommunikasjonsevne, samarbeidsevne og evne til å byggja gode relasjonar til barn, foreldre og tilsette, blir vektlagt
  • Du er fleksibel, har godt humør og trivst i ein travel kvardag med varierte oppgåver
  • Menn vert oppmoda om å søkja.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.

 

 

 

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss herad Barnehage orgnr:
Kort om arbeidsgiver Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Webside
Bransje Utdanning
Yrke SFO, barne- og fritidsleder
Sted VOSS (Adresse: Voss tinghus Postnr: 5700)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/802da62e-1718-43df-813d-98cc82021117
IMPORTAPI