Job Description

Published 29-04-2024
Deadline: 20-05-2024

 

Spesialpedagog i barnehagane 100% fast – 2. gongs utlysing

Eining Barn og familie – er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fem avdelingar: Barnevern, helsestasjon, PPT, avdeling for Familiestøtte og Villatoppen Avlastningsbustad. Eininga held til i lokalar på Husnes tenestesenter på Husnes. 

Omtale av stillinga 

Kvinnherad kommune har ledig 100% fast stilling som spesialpedagog i barnehagane for tilsetting frå 01.08.24.

Barnehageteamet er knytt til barnehagane i Kvinnherad kommune med eit særskilt fokus på tidleg innsats og spesialpedagogisk hjelp og har ei utøvande og veiledande rolle innan spesialpedagogisk arbeid. 

Spesialpedagogane har oppmøtestad i inntil to barnehagar. Styrar i den enkelte barnehage er spesialpedagogen sin næraste leiar. Oppmøtestad vil endrast kvart tredje år. Spesialpedagogane vil ha ein koordinator i PPT som har ansvar for rekruttering og oppfølging ved langtids sjukefråvær, i tett samarbeid med styrarane. Spesialpedagogane vil delta i eit spesialpedagogisk nettverk med møter kvar 6. veke for faglege drøftingar og påfyll. Ut over detta vil spesialpedagogen ha sin fulle arbeidsdag i to barnehagar. Spesialpedagogane vil ikkje være del av grunnbemanninga i barnehagane.  

Arbeidsoppgåver 

  • Er ein fagleg ressurs innan spesialpedagogisk område for barnehagen 
  • Arbeide med førebygging og tidleg innsats på individ og systemnivå  
  • Observasjon og kartlegging 
  • Rettleiing på individ- og systemnivå 
  • Styrking av det systematiske språkarbeidet. 
  • Ansvar for spesialpedagogisk hjelp etter §31 i barnehagelova. 
  • Utarbeide individuell utviklingsplan (IUP) og årsrapport i samarbeid med pedagogisk leiar. 
  • Tverrfagleg samarbeid med andre hjelpetenester 

  Kvalifikasjonar 

Godkjent barnehagelærarutdanning. Vidareutdanning innan spesialpedagogikk eller pedagogikk, 2.avdeling spes.ped. eller anna relevant utdanning. Det er ønskjeleg med rettleiarkompetanse. 

 Personlege eigenskaper 

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing 
  • Erfaring frå arbeid med rettleiing er ei føremon 
  • God samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggjar 
  • Eigna for arbeid med barn og foreldre 
  • Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert 
  • Evne til fleksibilitet og endringsvilje 
  • Krev gode norskkunnskapar 
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • Å kunne arbeide tverrfagleg 

 Vi forventar at søkjar har vilje til å auke sin kompetanse innanfor relevante områder og ut frå tenesta sitt behov. 

 Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil. 

Vi tilbyr 

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. 
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. 
  • Rettleiing. 
  • Løn etter kvalifikasjonar. 
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. 
  • Kvinnherad kommune har gratis SFO.

Rekrutteringstillegg: I dei yrkesgruppene der det er vanskeleg å rekruttera kvalifisert arbeidskraft, gjev Kvinnherad kommune eit ekstra rekrutteringstillegg. I denne stillinga som spesialpedagog i barnehagane vil ein får tildelt kr. 50 000,- i 100% stilling. Eingongstillegget vil bli gitt mot bindingstid på 2 år.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Barn og familie orgnr: 974614626
Kort om arbeidsgiver Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.

Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda

Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Instruktører og pedagoger
Sted HUSNES (Adresse: Sentrumsvegen 29 Postnr: 5460)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/543aa9de-a145-4273-a982-d83822aeb68f
IMPORTAPI