Styrar/Tenesteleiar  – Vartdal barnehage

Education SFO, barne- og fritidsleder

(3 weeks ago)

  • ØRSTA
  •  Post Date: 29. April 2024
  •  Expire date: 19. May 2024
Job Description

Published 29-04-2024
Deadline: 19-05-2024

 

Styrar/Tenesteleiar 

Vi har ledig stilling som styrar/tenesteleiar i Vartdal barnehage frå 01.08.24.

Barnehagen har ein storleik på ca 50 born, fordelt på 3 avdelingar. Den samla administrasjonstida er pr i dag 100%.
Barna er i hovudsak frå dei tre bygdene Vartdal, Nordre Vartdal og Barstadvik.

Vi har prioritert å jobbe for eit trygt og godt miljø for både små og store. Slagordet vårt er “Vartdal barnehage – ein god stad å vere”
Vi er opptatt av å legge til rette for mykje fysisk aktivitet i barnehagen. Vi har eit stort uteområde der borna kan boltre seg i mangfaldig
leik og aktivitet.
Det er kort veg til mange fine naturområder, som vi nyttar
som turmål. Alle avdelingane, også dei yngste, er aktive i prosjektet “Frisk og
aktiv”. 

Barnehagen er ein av i alt sju kommunale barnehagar i Ørsta kommune, og er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering.

Arbeidsoppgåver

Vi tilbyr ei spanande og utfordrande stilling, med stort ansvar og mynde. Du er oppteken av at vi skal levere tenester av god kvalitet innanfor vedtekne budsjettrammer. Dette løyser du på ein måte som gjer at våre tilsette opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Som tenesteleiar vil du ha det overordna fag-, personal- og økonomiansvaret for tenesteområdet. Du vil også kunne få direkteansvar for tilsette som ikkje er plassert i ditt tenesteområde.

Som tenesteleiar evnar du å leie eit område som stadig er i endring. Du er ein samlande, inkluderande og samhandlande leiar med gjennomføringskraft.
Kommunen nyttar medarbeidarundersøkinga 10-FAKTOR som eit sentralt verktøy. 

Vi ønskjer at du: 

  • er ein sterk og tydeleg leiar som evnar å gjennomføre endringar med fokus på god tenestekvalitet
  • skaper engasjement, er løysingsorientert og fleksibel
  • medverkar til eit godt partssamarbeid, spesielt gjennom arbeidet i GNEIST-gruppa
  • har høg arbeidskapasitet, evnar å arbeide sjølvstendig og å prioritere
  • har god formidlingsevne, også når problemstillingane er komplekse 

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad og det er ønskjeleg med vidareutdanning innan leiing
  • Godkjent barnehagelærarutdanning. Styrarutdanning og leiarerfaring er ønskjeleg
  • God barnehagefagleg kompetanse og evne til å leie endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen
  • Kunnskap om relevant lovverk og forskrifter knytt til tenesteområdet sine ansvarsområde
  • Kunnskap om budsjett og kostnadsstyring
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner, samt relevant digital kompetanse
  • Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Ha gode eigenskapar og evne til å samarbeide, lytte, rettleie , inspirere og sette grenser
  • Vere ein god rollemodell og like å vere aktiv i lag med borna både inne og ute 
  • Vere sjølvstendig, løysingsorientert, strukturert, fleksibel og samfunnsengasjert
  • Ivareta og vidareutvikle barnehagen sitt leike- og utviklingsgsmiljø
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

    Godt arbeidsmiljø med gode vilkår for fleksibilitet og utvikling med formål å gi ei bedre og meir effektiv teneste – der borna står i sentrum

    Deltaking i interne leiarutviklingsprosessar

    Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

     Løn etter avtale. Stk 9451 – Tenesteleiar 

    Gyldig politiattest etter Barnehagelova § 30 må leverast før tiltreding

    Søkjarane vert vurdert ut i frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, røynsle frå tilsvarande arbeid og personlege eigenskapar
    Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar kan vert kalla inn til intervju

    Tilsetting i samsvar med gjeldande forskrift, lov og avtaleverk
    Prøvetid 6 mnd. der fråver går til fråtrekk  

    Dokumentasjon:
    Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg skshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetting av ansiennitet av ansiennitet. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

    Om offentleg søkjarliste:
    I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

     

    Kontaktinformasjon

    Kari Flø, Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering, 479 03192, kari.flo@orsta.kommune.no

    Arbeidsstad

    Dalevegen 6
    6153 Ørsta

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ørsta kommune

    Referansenr.: 4807525266
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 19.05.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Vartdal barnehage orgnr:
    Kort om arbeidsgiver


    Ørsta
    kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
    næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
    vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
    næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
    og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
    daglege direkteruter til Oslo og Bergen.


    Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

    Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
    Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
    Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

    Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

    Webside http://www.orsta.kommune.no/
    Bransje Utdanning
    Yrke SFO, barne- og fritidsleder
    Sted ØRSTA (Adresse: Dalevegen 6 Postnr: 6153)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 19-05-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4ceb7cfe-68c9-461d-a46d-bde1c008bfa5
    IMPORTAPI