Job Description

Published 17-04-2024
Deadline: 03-05-2024

 

Tannhelsesekretær/ assistent

Vestland tannhelseteneste – Husnes tannklinikk har ledig ferievikariat som tannhelsesekretær/assistent i 4 uker ved Husnes tannklinikk. Frå 22.07.24-16.08.24.

Husnes er ein tettstad med ca. 2150 innbyggjarar og ligg i Kvinnherad kommune(ca 13 200 innb.). Staden er omgitt av fjell og fjordar, og ligg i nærleiken av Rosendal med Baroniet i Rosendal og som er blandt mange turistmål. Mange flotte fjell og turområder . Husnes tannklinikk ligg under Kvinnherad/ Etne klinikkområde, og er ein klinikk for 3 tannlegar, 1,4 tannpleiar og 3 tannhelsesekretærar. Har og spesialist i endodonti ein dag i uka.Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling.

Kvalifikasjonar

Søker bør ha autorisasjon som tannhelsesekretær, eller annen helsefaglig bakgrunn. Erfaring frå tannlegekontor er ein fordel, men opplæring vil bli gitt. Søkar må beherske norsk munnleg og skriftleg. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram gyldig politiattest. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar. 

Vi søkjer deg som:
– Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
– Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
– Er positiv og serviceinnstilt
– Har gode kommunikasjonsevner
– Har gode samarbeidsevner
– Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
– Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
– Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
– Ønskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste

Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

 –         ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
–          gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
–          godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging mellom klinikkleiar og kollega
–          løn etter gjeldande tariff
–          fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

 

Andre opplysningar

Alle nytilsettinga i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2 ledd kan opplysninga om søkjaren bli offentleggjort sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli sett på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Kristin Elde Færestrand, førstekonsulent, 97564876

Arbeidsstad

Stølshaugvegen 3
5460 Husnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4802020259
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 22.07.2024
Sluttdato: 16.08.2024
Søknadsfrist: 03.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver IDI – Husnes tannklinikk, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter – TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted HUSNES (Adresse: Stølshaugvegen 3 Postnr: 5460)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse 22-07-2024
Søknadsfrist 03-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d2ddc159-9b03-41f8-bc0c-30870946c347
IMPORTAPI