Job Description

Published 22-04-2024
Deadline: 13-05-2024

 

Teknisk søker etter vaktmester/driftsteknikker/tømrar /gartner

Avdeling Byggdrift i Midt-Telemark kommune søker eit engasjert og «stå på» menneske til mange og varierte oppgåver så snart som mogleg. Vi treng nokon som kan litt om alt og, mykje om sitt fagfelt, i tillegg til å være nysgjerrig og lærevillig til nye oppgåver. Du må trivast med å sjaue, måle, snikre, plante, klippe osv. 
Vi treng ein positiv, arbeidsvillig, erfaren og sjølvgående person, med godt humør som kan bidra positivt inn i ein allereie triveleg og positiv gjeng, der det er stor takhøgd og godt samhald. Du må òg trivast i møte med menneske, da ein stor del av jobben er daglege møter med brukarar, leigetakarar og bebuarar.
Du er ein person som forstår at det å arbeida som vaktmeister i ein kommune inneber svært varierande oppdrag og arbeidsoppgåver. Ingen dag er lik. 

Avdelinga har i dag 12 engasjerte vaktmeistrar med varierande fagfelt, som har drift og vedlikehaldsansvar for 70 000 m2 kommunale bygg og ca 280 boligar, samt svømmebasseng, parkar, torg og andre grøntareal.
Avdelinga høyrer til eining Bygg og eigendomsdrift som i tillegg består av avdelingane reinhald, byggdrift, utleigebustader, omsorgsbustader og bygg prosjekt. Eininga består av ca 60 tilsette.

Arbeidsoppgåver

Vaktmester har ansvar for drift, vedlikehald, reparasjonar og brukarstøtte for dei angitte bygg og uteområder gjennom:

  • Byggeigars representant
  • Løpende tilsyn med alle deler av bygget og at bygget brukes riktig
  • Løpende tilsyn med brannsikker bruk av bygget
  • Periodisk kontrollar og løpende visuelt tilsyn av branntekniske installasjonar
  • Førebyggjande tiltak og reparasjonar på bygget og på bygningsmessig utstyr og installasjonar
  • Drift av byggets uteområder, installasjonar og grøntareal
  • Drift av parker, torg og turstiar
  • Kartlegge og rapportere større vedlikehaldsbehov til avdelingsleiar/driftsleiar
  • Utføre vedlikehalds, oppgraderings og ombyggingsoppdrag på kommunens bygg
  • Drift av symjebasseng

Ev. kva for bygg eller hovedoppgåver søker vil få, avhenger av søkers kvalifikasjonar.
Stillingas ansvarsområde gjeld til einkvar tid dei bygg, utearealer og fokusområder som bestemmes av avdelingsleiar.

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  •  Fagbrev innan 1 eller fleire av følgjande område:
    • Tømrer
    • Byggdrifter
    • Driftsteknikker
    • Gartner (vedkommande som søkjar med gartnar bakgrunn, må vera inneforstått med at i vinterhalvåret vil det vera andre oppgåver som blir prioritert. Til dømes måling, snømåking, strøing, flytting/sjauing eller andre drifts relaterte oppgåver på MTKs eigedomsmasse).
    • Lang og allsidig erfaring kan i enkelte tilfelle kompensera for eit ev. manglande fagbrev.

Ønska kompetanse som blir vektlagde:

  •  Søkjar bør kunne meistre begge målformer
  •  God erfaring frå drift av offentlege bygg, næringsbygg og/eller grøntareal
  •  Erfaring frå vedlikehald av bygg. Fersk og løpande erfaring blir vektlagd
  •  Interesse og motivasjon for teknisk drift
  •  Må kunna jobba sjølvstendig
  •  Bruk av dataverktøy/appar. (Driftssystem, forvaltningssystem, osb.)
  •  Gode norsk språk kunnskapar, både munnleg og skrifteleg

Særskilde krav

  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og god orden
  • Arbeidsvillig og sjølvgåande
  • Praktisk og lærevillig
  • Omgjengeleg
  • Fleksibel og løysningsorientert i ein travel og krevjande kvardag med varierande oppgåver
  • Godt humør

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Arbeidsoppgåver i eit lærande, framover lent og utviklande miljø
  • Allsidige og utfordrande oppgåver
  • Ein arbeidsplass med høgt fokus på eit trygt, godt og sikkert arbeidsmiljø
  • Tenestebil
  • Hyggelig, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Jan Roger Bredesen, Einingsleiar, +47 90127116

Arbeidsstad

Gullbringvegen 20
3800 Bø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 4802092048
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2024
Søknadsfrist: 13.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Eiendomsdrift orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Webside https://midt-telemark.kommune.no/
Bransje Håndverkere
Yrke Vaktmester
Sted BØ I TELEMARK (Adresse: Gullbringvegen 20 Postnr: 3800)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-06-2024
Søknadsfrist 13-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/11f0e735-7311-46bd-94b2-562b98c6638a
IMPORTAPI