Job Description

Published 25-04-2024
Deadline: 21-05-2024

 

Terminologar til Termportalen ved Språksamlingane

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillingane:

Universitetsbiblioteket søkjer terminologar (universitetsbibliotekar kode 1199) til faste 100% stillingar ved Termportalen ved Språksamlingane.

Termportalen er UiB sitt fagspråklege kompetansemiljø som har ansvar for å forvalte den nasjonale infrastrukturen for terminologi. I arbeidet med å nå målet om å gjere tilgjengeleg norsk terminologi i breidda av fagområda i universitets- og høgskulesektoren, ønsker vi no å utvide staben med dyktige terminologar. 

Språksamlingane ligg til Seksjon for spesialsamlingar. Seksjonen forvaltar og formidlar kulturhistorisk viktige samlingar som fotografi, antikvariske bøker, manuskript- og arkiv, avissamlingar og kart.

Arbeidsoppgåver og ansvar:

Hovudoppgåvene i stillingane som terminolog vil vera utvikling, oppdatering og vedlikehald av Termportalen. Vidare vil ein samarbeide med nasjonale fagmiljø som arbeidar med terminologiutvikling, og då spesielt innan universitets- og høgskulesektoren, for å utvide det terminologiske innhaldet i Termportalen. Det er eit mål for UiB å byggje opp eit fagmiljø på dette sentrale og viktige feltet for å ivareta norsk fagspråk og sikre norsk som eit fullverdig språk. Vi søkjer deg som ønsker å bidra til den vidare utviklinga av dette fagmiljøet.

Som terminolog må du ha innsikt i språkleg struktur og språk i kommunikasjon, men samstundes vere i stand til å samarbeide tverrfagleg med spesialistar innanfor dei ulike faglege domena som terminologien tilhøyrer. Du vert ein del av eit aktivt språkfagleg og datateknisk utviklingsmiljø ved Språksamlingane på Universitetsbiblioteket ved UiB, og du vil samarbeide tett med fagmiljøet på HF-fakultetet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må:

  • ha høgare utdanning på masternivå, gjerne med terminologisk eller annan språkvitskapleg relevans
  • ha relevant praksis. I tillegg til terminologiarbeid kan slik praksis til dømes vere frå fagomsetjing, omgrepsarbeid, ordboksarbeid, standardiseringsarbeid eller liknande.
  • ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk
  • meistre begge dei norske skriftspråka
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig og ta eige initiativ
  • ha høg grad av gjennomføringsevne og kunne prioritere i tråd med strategiske føringar
  • vere strukturert, resultatorientert og fleksibel

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB og med nasjonale miljø som arbeidar med terminologi
  • løn som universitetsbibliotekar (kode 1199) kr. 584 500 til kr. 615 700 i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar. Søkjarar som er erklært kompetente til stilling som førsteamanuensis eller førstebibliotekar ved ein institusjon som er godkjent av departementet eller har norsk doktorgrad eller utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk, vert løna som førstebibliotekar (kode 1200), løn kr. 708 000 til kr. 732 300 avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse. 
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge tlf. +47 55 58 25 72, e-post: bjorn.bagge@uib.no eller fagleg leiar for Termportalen Marita Kristiansen, tlf. +47 55 58 30 69, e-post: marita.kristiansen@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira
informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om UB her.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Håndverkere
Yrke Øvrige håndverksyrker
Sted BERGEN (Adresse: Haakon Sheteligsplass 7 Postnr: 5020)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4ae6505c-caef-42f8-b5af-4cd9ff11cfeb
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/261852