Job Description

Published 28-01-2024
Deadline: Unknown

 

Tilkallingsvikar barne og ungdomsarbeider Marihøna barnehage i Alver kommune

Om stillinga

Behov for tilkallingsvikarar i barnehagen. Her kan du søkja om å være ringevikar.

Arbeidsoppgåver / ansvar:

Hovudoppgåva  som ringevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.

Me søkjer

  • Me søkjer helst arbeidstakarar med fagbrev Barne og ungdomsarbeidarfaget
  • Har du erfaring frå arbeid med barn og unge  men ikkje fagbrevet er det også interessant.
  • Same viss du er under utdanning.
  • Du må ha gode samarbeidsevner og gode haldningar til arbeid med barn i våre barnehagar. 

Vi tilbyr / vilkår

  • Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring. 

    Gyldig politiattest etter forkrift til barnehagelova må leggast fram.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Marihøna barnehage ligg plassert sentralt ved Frekhaug senter, med bibliotek, naturområde og sjø i gangavstand til barnehagen. Vi ligg og i same nærmiljø som sjukeheim og ungdomsskule som vi samarbeida godt med.
Barnehagen har to avdeling, ein småbarnsavdeling med plass til 12 barn og ein storbarnsavdeling med plass til 21 barn.
 

Slik jobbar vi:

Alle barn skal bli sett og høyrd:
Vi møter kvart barn på ein anerkjennande måte ved for å skapa tryggleik og trivsel. Alle barn må få oppleve kjensla av å vere verdifull, ha tru på seg sjølv og eigne evner og å høyre til i fellesskapet på avdelinga. Alle barn skal bli sett og høyrd for den dei er.

Vi prioriterer leiken:
Leiken er viktig for å skapa vennskap og for å delta i fellesskapet. Kvar dag skal den frie leiken få tid og rom til å blomstre i vår barnehage. Dei vaksne skal vere deltakande i leiken som støtte og ved å rettleie, setje ord på og forklare, slik at alle barn får ta del i leiken, både inne og ute, og oppleve meistring i den.

Språkarbeid:
Marihøna barnehage er ein fleirspråkleg barnehage som vil å ha stort fokus på at alle skal få utvikle sitt språk. Vi ønskjer å bruke teiknstøtte (Tegn til tale) for å støtte opp om alle barnas verbalsspråklege utvikling. Det er viktig for barna å kunne kommunisere med andre for å kjenne at dei høyrer til og at dei kan medverke.

Nøkkelinformasjon:

Opningstid kl.7 – 17

Barnehagen serverer lunsj og fruktmåltid kvar dag.

Ein dag i veka er det varm lunsj laga av matgruppa og ein dag serverer vi havregraut. Dei barna som treng frukost tar den med heimanfrå.

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted FREKHAUG (Adresse: Havnevegen 47 Postnr: 5918)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/254e105c-6c24-4eae-9184-5962407cff8b
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/256137