Job Description

Published 19-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Tilkallingsvikarar i barnehage og skule frå hausten 2024

TILKALLINGSVIKARAR I BARNEHAGE OG SKULE

Me treng ringevikarar på skulane og i barnehagane i Tokke kommune frå haust 2024

Dei 2 skulane i kommunen ligg på Dalen og i Høydalsmo. Me har 4 barnehagar som ligg på Dalen, i Høydalsmo, i Byrte og på Åmdals Verk.

Du må i tillegg følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som er lyst ut dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid og tenestestad.

Me søkjer arbeidstakarar både med fagbrev og pedagogisk utdanning.

Ufaglærte kan også søkje

Me tilbyr:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
  • Ein spanande og variert barnehage – skulekvardag saman med flotte born og vaksne
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Me i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Me tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no

Søknadsfrist: 12. mai 2024

Velkomen som søkjar!

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tokke Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974610124
Kort om arbeidsgiver

Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.

Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen.

E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.

Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her.

Webside https://www.tokke.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted DALEN (Adresse: Storvegen 60 Postnr: 3880)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 4
Sektor Ikke oppgitt
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5cb9aab3-37bf-4429-8928-b7821aa9bb07
Stillingsregistrering