Universitetslektor i spansk fagdidaktikk – Universitetet i Bergen

Education Videregående skole

(2 weeks ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 30. April 2024
  •  Expire date: 21. May 2024
Job Description

Published 30-04-2024
Deadline: 21-05-2024

 

Universitetslektor i spansk fagdidaktikk

UiB – Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i spansk fagdidaktikk – 35 prosent mellombels tilsetjing 

Velkomen som søkjar til ei ledig 35 % stilling som universitetslektor frå 1. juli 2024 til 30. juni 2025 ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB). Den som blir tilsett, skal undervise i spansk fagdidaktikk.  

Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, elleve administrativt tilsette, og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium.

Spanskfaget  har seks fast tilsette på det ordinære campus-tilbodet fordelt på disiplinane litteratur, kulturkunnskap/historie, språk og fagdidaktikk, samt faste delstillingar knytt til vidareutdanninga og fjernundervisninga.  

Undervisningstilbodet strekkjer seg frå innføringsnivå til masterstudium.

Arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett, skal undervise i spansk fagdidaktikk i lektorutdanninga og PPU. Undervisninga vil femne om førelesingar, seminarundervisning, praksisbesøk, vurdering av oppgåver/obligatoriske aktivitetar og vurdering av eksamen (sensur).  

Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten.  

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:  

  • Den som blir tilsett i stillinga, må ha norsk mastergrad eller tilsvarande kompetanse i spansk, helst med fagdidaktisk profil.  
  • Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande.  
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg spansk.  
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg norsk.  
  • Erfaring frå spanskundervisning på ulike nivå.  
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga.  
  • Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid.  

Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.  

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 61-65 (kode 1009) for stilling som universitetslektor. For tida svarar dette til mellom 594 500 og 635 400,- kroner årleg i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.  
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.  
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).  
  • Gode velferdsordningar.  

Slilk søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN». Dette må følgje søknaden:  

1. Søknadsbrev.  
2. CV.  
3. Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle).  
4. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar).  
5. Eventuelle evalueringsrapportar eller annan tilbakemelding for eiga undervisning.  
6. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar).  
7. Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar.  

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.  

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.  

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fagkoordinator, førsteamanuensis Synnøve Ones Rosales på telefon 55 58 21 27 eller e-post: synnove.rosales@uib.no.  

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.  

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted BERGEN (Adresse: Christiesgt. 18 Postnr: 5020)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f44b7ee5-fb01-4f65-94aa-b493968220a9
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262397