Job Description

Published 19-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Vi søkjer dyktige og entusiastiske fagarbeidarar/assistentar. Er det deg?

Vil du bidra til å skape gode dagar for barn og unge ved Hildre Montessoriskule?

Frå og med 01.08.24 blir det ved Hildre Montessoriskule ledig 2×70% vikariatstilling som fagarbeidar/assistent.

Hildre Montessoriskule er ein privatskule med mange lærelystne barn og motiverte og trivelege tilsette. Vi arbeider for å utvikle læring gjennom montessoripedagogikken og treng difor kompetente, engasjerte og nytenkjande medarbeidarar som er stolte av faget sitt og som kvar dag brenn for å legge til rette og å bringe fram det beste i kvart enkelt barn.

Om stillinga

• 1×70% stilling som fagarbeidar/assistent med oppstart 01.08.24 med varigheit ut skuleåret 2024/25 med høve for forlenging

• 1×70% stilling som fagarbeidar/assistent med oppstart 01.08.24 med varigheit til 31.12.24 med høve for forlenging

Arbeidsoppgåver:

• Bidra i daglege aktivitetar og vere ein støttespelar for både elevar og lærarar i skulekvardagen

• Bidra til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø

• Bidra til ein aktiv og positiv SFO

• Delta på turar, utflukter og arrangement

• Bidra til eit godt samarbeid med føresette, som skapar tryggleik og tillit

• Tett samarbeid med kollegaer

Dine faglege kvalifikasjonar:

• Fortrinnsvis fagabeidar i barne- og ungdomsarbeiderfag

• Dyktig i norsk språk, både munnleg og skriftleg. Anna morsmål kan også telje positivt.

• Ønskeleg med erfaring med barn med ulike utfordringar

Dine personlege eigenskapar:

• Du er initiativrik, strukturert og sjølvstendig

• Du har god formidlingsevne

• Du er ein tydeleg vaksenperson og god rollemodell for elevane

• Du handterer endringar og utfordrande situasjonar

• Du bygger gode relasjon med barn og mellom barn

• Du arbeider godt saman med andre

• Du er fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver

• Du bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø for barna og for vaksne

• Du trivast med både innandørs- og utandørsaktivitetar

• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

• Lønn etter gjeldande tariff

• Arbeidstidsordning etter sentralt avtaleverk

• Gode pensjons- og forsikringsordningar

• Utfordrande og spennande oppgåver

• Geografisk område i vekst

• Høve for varig tilsetjing ved behov

• Eit skulemiljø med engasjerte kollegaer, føresette og skuleeigarar

• God oppfølging av konseptansvarleg og rektor

Det krevjast godkjend politiattest for arbeid i skulen.

For meir informasjon, sjå heimesida www.hildreskule.no, for spørsmål og søknad ta kontakt med:

Steffen André Kråkenes (dagleg leiar/rektor) på 91 19 13 34 og e-post: steffen.krakenes@hildreskule.no

Søknadsfrist: 05.05.24

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hildre Montessoriskule Sa orgnr: 995339765
Kort om arbeidsgiver

Hildre Montessoriskule er ein privatskule med mange lærelystne barn og motiverte og trivelege tilsette. Vi arbeider for å utvikle læring gjennom montessoripedagogikken og treng difor kompetente, engasjerte og nytenkjande medarbeidarar som er stolte av faget sitt og som kvar dag brenn for å legge til rette og å bringe fram det beste i kvart enkelt barn.

Webside https://www.hildreskule.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted HILDRE (Adresse: Hildredalsvegen 40 Postnr: 6272)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Ikke oppgitt
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0e777241-17b9-45f9-8692-ef11661dcc1e
Stillingsregistrering