Job Description

Published 09-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Vi søkjer ein utviklingsorientert og framtidsretta leiar.

Som kommunalsjef for dette området i Hjartdal kommune vil du inngå i kommunedirektøren si leiargruppe. Du vil bli ein viktig bidragsytar for strategisk utvikling av Hjartdal kommune som organisasjon generelt og stab spesielt.

Hjartdal-politikaren er kreativ og ambisiøs, og byr opp til spennande prosjekt og arbeidsoppgåver.

Som ansvarleg for personal- og organisasjonsutvikling på kommunenivå og dagleg drift av sentral stab -servicetorg, arkiv og politisk sekretariat har du eit breidt fagfelt som gjer moglegheiter.

Du vil vere sentral for kommunedirektøren i arbeidsmiljøutval, partssammansatt utval og i lønsforhandlingar.

Appellerer dette til deg? Da kan du vere med på laget og bli vår nye kommunalsjef.

Kommunalsjefområde består av følgjande tenesteområde:

• Strategisk organisasjonsutvikling på kommunenivå
• Praktisk bistand og støtte ut i heile organisasjonen
• Personalforvaltning og personaljuss
• Ansvar for dagleg drift av sentral stab med tilhøyrande oppgåver innafor: arkiv, service og politisk sekretariat
• Sakshandsaming innafor områda
• Rekruttering og on-boarding tilsette
• Ansvar for heimeside og kommunikasjon
• Systemansvarleg på sentrale system på kommunenivå
• Utarbeide og oppdatere reglement og rutiner innan fagfeltet

Kvalifikasjonar:

• Utdanning på bachelornivå innan HR, personalforvaltning, leiing eller anna relevante område
• Anna relevant utdanning, kombinert med særskilt relevant erfaring kan vurderast
• Formell leiarkompetanse, relevant leiarerfaring og erfaring frå kommunal sektor er ønskjeleg, men ikkje eit krav
• Ønskeleg med kunnskap og erfaring frå arbeidsområdet

Vi ser etter deg som:

• stortrivst i samspelet med politikarar, tillitsvalde, innbyggjarar og eksterne aktørar
• er proaktiv, diplomatisk og skaper tillit gjennom openheit og dialog
• er trygg, tydeleg og robust og har god rolleforståing og respekt for dei kommunale rammevilkåra
• er opptatt av digital tenesteutvikling og effektivitet
• er samfunnsorientert, kreativ og evner til å tenke heilskap i kommunen
• har gode leiareigenskapar og relasjonelle ferdigheiter
• har evne til å jobbe både praktisk og strategisk
• likar å ha «mange ballar i lufta», og samtidig gjennomføringskraft
• god munnleg og skrifteleg framstillingsevne

Vi tilbyr:

• Eit hektisk og triveleg arbeidsmiljø prega av tverrfaglegheit og gode diskusjonar. Vi setter raskt saman dei rette folka for å løyse ei utfordring, og spelar kvarandre gode
• Hjartdal er ein organisasjon som er prega av godt samarbeid mellom politikk og administrasjon. Korte linjer alle vegar gir stort handlingsrom og moglegheit for å påverke og skape unike resultat
• Ei spennande kommunalsjefstilling i eit fleirfagleg leiarteam tett på kommunedirektør med gode moglegheiter for personleg utvikling og skape resultat saman med andre
• Leiarutvikling – der vi saman definerer kva som skal prege leiarskapet i Hjartdal kommune no og i framtida
• Hjartdal er medlem i Kongsbergregionen, eit samarbeid som ligg langt framme med omsyn til tenesteutvikling og nettverkssamarbeid
• Gode bank- forsikrings- og pensjonsordningar
• Løn etter avtale

Søknad sendast via elektronisk søknadsskjema. 

Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!

Attestar og vitnemål takast med ved et eventuelt intervju. Kommunen er opptatt av mangfald og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Vi jobbar saman for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Det vil bli lagt avgjerande vekt på at du er personleg egna for stillinga.

Søkjarlister med opplysningar om namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar er offentleg med omsyn til offentleglova. Det kan gjerast unnatak dersom søkjar ber om dette og grunngjer dette i søknaden. Dersom det ikkje blir innvilga, vil søkjaren bli orientert.

Er du annonør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikke å bli kontakta.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjartdal kommune Sentraladministrasjonen orgnr: 974609118
Kort om arbeidsgiver Velkommen til Hjartdal – det nære alternativet.

Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134.

Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i – og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna.

Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal – på solsida av Gaustatoppen – er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap.

I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine!

Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Organisasjonsarbeid og politikk
Sted SAULAND (Adresse: Saulandsvegen 414 Postnr: 3692)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9de0b710-b267-467e-b7ee-61d766bd1676
IMPORTAPI