Job Description

Published 15-05-2024
Deadline: 10-06-2024

 

Vikar Bokn bibliotek

Går du med eit ønskje om å vere bibliotekar? Me treng ein ringevikar/ferievikar til Bokn bibliotek. Biblioteket er eit kombinasjonsbibliotek, og samarbeider tett med skulen.

 

Bokn bibliotek ligg sentralt plassert i Føresvik i Bokn i same del av skulebygget som ungdomsskulen. Rundt skulen er andre offentlege tenester som barnehage, helsestasjon, legesenter, sjukestova og øvrige helse- og omsorgstenester samt Bokn kommune sin administrasjon plassert. Biblioteket har derfor ei sentral plassering i kommunen, og har og ei viktig rolle i lokalsamfunnet som både kulturinstitusjon og møteplass.

 

Kven ser me etter

Du må jobbe sjølvstendig, men og kunne samarbeide tett med andre tilsette i kommunen sine einingar. Du må vere engasjert, fleksibel og kunne hoppe inn på kort varsel. Det er ein fordel om du kjenner til biblioteksystemet bibliofil, men det er ikkje påkravd. Me tenker at det er flott om du har eit engasjement for leselyst, gode leseopplevingar, særleg retta mot barn og unge. Du må vere oppteken av å gi bibliotekbrukarane god service og gi besøkande ei god oppleving.

 

Som vikar må du kunne utføre mellom anna desse oppgåvene

– Dagleg drift av biblioteket

– Samarbeid med andre einingar i kommunen

– Bidra med å organisere og gjennomføre opne arrangement/verkstad/lesestunder, og på kveld og i helger

 

Personlege eigenskapar

– Tydeleg, strukturert og tørre å ta initiativ

– Evne til å jobbe sjølvstendig

– Handtere utfordringar og være god på samarbeid

– Trivast med barn og unge, og inneha fleirkulturell forståing

 

Som arbeidsgjevar kan me tilby

Gode velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Lønn i tråd med lokal lønnspolitikk.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar.

 

Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden, men kopier av desse må leverast inn dersom ein blir kalla inn til intervju. 

Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bokn kommune Oppvekst orgnr:
Kort om arbeidsgiver Bokn kommune er ein øykommune med omlag 870 innbyggjarar.
I tillegg er det ein populærdestinasjonfor friluftsliv, fiske og hytteturisme. Kommunen ligg midt i ei ferdselsåre mellom Nord- og Sør-Rogaland, med kort avstand til Haugesund, Tysvær, Karmøy- og kun ein liten time til Stavanger.
Webside
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Design, grafisk arbeid og illustrasjon
Sted BOKN (Adresse: Boknatunvegen 37 Postnr: 5561)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9394320f-c981-4ed4-a261-a0157062de05
IMPORTAPI