vikar og tilkallingsvikar – Øyra Barnehage

Education Kindergarden

(2 weeks ago)

  • VOLDA
  •  Post Date: 17. April 2024
  •  Expire date: 12. May 2024
Job Description

Published 17-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

vikar og tilkallingsvikar

Vi søkjer tilkallingsvikar og vikar for kortare og lengre perioder som assistent/fagarbeidar eller barne og ungdomsarbeidar.

Gjeld for heilebarnehagen og må kunne vere både på storbarnsbasen og på småbarnsbasen. På småbarnsbasen er der tilsaman 24 barn i alderen 1-3 år som igjen er fordelte i mindre grupper etter alder. På storbarnsbasen er der 37 barn i alderen 3-6 år

Du som søkjer må vere engasjert, ta ansvar, vere samarbeidsvillig, initiativrik og ein positiv medarbeidar. Du må like å vere i lag med barn og trivast i tett samarbeid med andre vaksne. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi er mykje ute i all slags vær.

Barnehagen har opningstid frå 07.15 – 16.45

Vi er medlem av Private barnehagers Landsforbund og følgjer deira tariffar og avtaler. Pensjonsavtale gjennom Storebrand.

Søknad med cv og kopiar av vitnemål og attestar sendast til :

Øyra barnehage, Seljebakken 24 , 6100 Volda

v/styrar Anne-Grete Eiken

Har du spørsmål kring stillingane ta kontakt på tlf: 902 18 134 eller 452 01 494 Du kan og sende søknad på mail. Kom gjerne innom for ein prat.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øyra Barnehage orgnr: 973472429
Kort om arbeidsgiver

Øyra barnehage er ein privat foreldreeigd barnehage i Seljebakken i Volda. Den vart opna i 1989 av Stiftelsen Øyra barnehage. Vi er ein basebarnehage med ein storbarnsbase og ein småbarnsbase. Vi delar borna inn etter alder og har 5 ulike grupper. Tre grupper på storbarn og to grupper på småbarn. Vi er ein Reggio Emilia inspirert barnehage og har fokus på nærverande, aktive vaksne med blikk for barnet.

Vår visjon er skapande barn, støttande vaksne.

Webside https://oyra.barnehage.no/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted VOLDA (Adresse: Seljebakken 24 Postnr: 6102)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/accc5ae1-aea6-4331-8709-d03bb27e7275
Stillingsregistrering