Job Description

Published 16-10-2020
Deadline: 15-11-2020






Vil du jobbe med hjernehelse?

Org. nr: – Stillingsident: 4299551039 Presentasjon av stillingen:

Avdeling for Klinisk nevrofysiologi (KNF) utfører ulike funksjonstester for å diagnostisere eller avkrefte sjukdom i nervesystemet.

Vi søkjer etter ein kollega som likar å jobbe med varierande og spennande oppgåver innan funksjonsdiagnostikk av nervesystemet.

Vår avdeling (KNF) har etablert ny stilling for nevrofysiologiteknikar og har ledig 100% fast stilling. Vi søkjer ein person med interesse for og erfaring med nevrofysiologiske testmetodar. Nevrofysiologiteknikarar i laboratorium i Noreg har ulik utdanning og bakgrunn. Personar med kombinasjon av helsefagleg og teknisk bakgrunn oppfordrast til å søkje.

Vår stab består av legar, sjukepleiarar, teknikar, ingeniørar og sekretær. Vi jobbar tett saman og har til hovudoppgåve å utføre ulike undersøkingar av pasientar sitt sentrale og perifere nervesystem. Vi er ei avdeling i eit universitetsjukehus med regionfunksjon og har om lag 7000 undersøkingar årleg. Pasientkategoriane vekslar frå friske til kritisk sjuke pasientar. Vi har både polikliniske og interne pasientar, og pasientane sin alder varierer frå premature kuvøsebarn til eldre menneske.

Opningstida vår er for tida måndag til fredag frå kl. 07.30 til 15.30, tirsdag til 16.30. Det kan bli aktuelt å måtte gå inn i vaktsystem med utrykkingar, og/eller helgearbeid i nevroklinikken. Tilsetjing januar 2021.

Arbeidsoppgåver

  • Nevrofysiologteknikar jobbar sjølvstendig og i team med ulike funksjonstestar av hjerne og nerve hos pasientar
  • Dei vanlegaste undersøkingane er elektroencefalografi (EEG), nevrografi (NCV), framkalte responsar. I tillegg blir det gjort diverse spesialundersøkingar og langtidsregistreringar
  • Vi rykkjer ut til andre avdelingar og tar testar på kristisk sjuke pasientar, også peroperativt
  • Auking og stor variasjon i talet på tilvisingar og ulike undersøkingar ved avdelinga krev fleksibilitet og effektivitet og å stå på når det gjeld

Kvalifikasjonar

  • Relevant helsefagleg utdanning. Gjennomført strukturert opplæring i nevrofysiologi i Noreg, eller annan relevant bakgrunn frå Norden/EØS vil bli vurdert
  • Sjukehuserfaring frå klinisk nevrofysiologisk laboratorium er å føretrekkje, men ikkje eit krav
  • Gode datakunnskapar
  • Må meistre norsk eller eit nordisk språk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein samarbeidsvillig og omgjengeleg person, som aktivt bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har interesse for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din innan klinisk nevrofysiologi
  • Du bør vere fleksibel og vand med høgt arbeidstempo i periodar
  • Du ser på deg sjølv som ein person som er teknisk interessert og du likar å setje deg inn i ny teknologi

Vi tilbyr

  • Strukturert opplæring i klinisk nevrofysiologi, med internundervising og rettleiing
  • Samarbeid med dei øvrige fagmiljøa i på sjukehuset
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Synnøve Bartz-Johannessen, Avdelingssjukepleiar, 92455884
Tom Eichele, Avdelingssjef, 45224919, tom.eichele@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Helse Bergen

Referansenr.:4299551039
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2020

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Nevroklinikken/ Klinisk nevrofysiologi (KNF), Helse Bergen søkjer ny kollega i klinisk nevrofysiologi orgnr: 974557746
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Bioingeniør
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-11-2020


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a9dd62a2-1c9a-4768-ba33-93dc9d6221cd
XML_STILLING

Ledig stilling: Vil du jobbe med hjernehelse? - Nevroklinikken/ Klinisk nevrofysiologi (KNF), Helse Bergen søkjer ny kollega i klinisk nevrofysiologi