Job Description

Published 28-04-2024
Deadline: 21-05-2024

 

Vil du jobbe med samfunnsutvikling og samskaping og forme framtida saman med oss her i Vestnes kommune?

Stillingstype
Vestnes kommune har ledig 100 % fast stilling som ingeniør med kommunal veg som hovudområde.
Har du lyst til å jobbe i den vakre kommunen vår med å tilrettelegge for gode trafikkløysingar for framtida? Dette inneber løysingar både for køyrande og mjuke trafikkantar i eit klima – og folkehelseperspektiv. I Vestnes kommune vil du få eit breidt ansvar for oppgåver du sjølv kan utvikle og sette ditt preg på.

Arbeidsstad
Tekniske tenester har ansvar for arealplanlegging, plan- og byggesaksbehandling, landbruks- /miljø- /vilt- og skogsaker, drift, forvaltning og nyanlegg av kommunale vegar. I tillegg har vi ansvar for grøntområder,
avløpsanlegg/avløpsrensing, utbygging av bustadfelt og næringsområder, oppmåling, GIS
adressering, brann feiing og tilsyn.

Arbeidsoppgåver
• Koordinere drift og vedlikehald av kommunen sine vegar – om lag 97 km.
• Gjennomføre innkjøp av varer og tenester knytt til vegdrifta, og vere kommunen sin kontaktperson overfor entreprenørar og andre som utfører tenester for kommunen.
• Planlegging og prosjektleiing av nyanlegg og renovering.
• Hovudansvar for kommunen sin vegdatabase for økonomisk optimalisert vegvedlikehald – «ROSY»
• Vere saksbehandlar for vegsaker, som t.d. skiltplaner, graveløyver, trafikktryggingsprosjekt mm.
• Delta i arbeid med drift og anlegg av kommunen sine avløpsanlegg.

Kvalifikasjonar
• Utdanning frå høgskule/universitet innanfor relevant fagområde, minimum bachelor.
• Relevant kompetanse og arbeidserfaring innan fagområdet er ønskeleg, men nyutdanna vert også oppmoda om å søke.
• Det er ønskeleg med erfaring i bruk av GIS- programvare.
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne
• Engasjert i det aktuelle fagområdet
• Gode samarbeidsevner
• Vere strukturert og nøyaktig
• Kunne jobbe sjølvstendig og ha god kapasitet
• Kunne ha god dialog med innbyggarar og andre
• Personleg eigenskapar vil bli lagt vekt på

Vi tilbyr
• Stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
• Eit breidt spekter av arbeidsoppgåver og gode faglege utviklingsmulegheiter.
• Eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø prega av engasjement og høg kompetanse.
• Anledning til å være med på å påverke morgondagens samfunn.
• Fleksibel arbeidstidsordning med bruk av heimekontordagar.
• Et godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø med gode faglege diskusjonar og stor takhøgde.
• God anledning til kompetanseheving/etterutdanning
• Løn etter avtale

Tilsettingsvilkår
• Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
• Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
• Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt
elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vestnes kommune Tekniske tenester drift og anlegg orgnr:
Kort om arbeidsgiver Tekniske tenester har ansvar for drift, forvaltning og nyanlegg av kommunale vegar, grøntområder og avløpsanlegg/avløpsrensing, utbygging av bustadfelt og næringsområder, oppmålinga GIS og adressering, plan – og byggesaksbehandling, landbruks-/miljø-/vilt- og skogsaker, brann feiing og tilsyn, kyrkjegardsgraving m.m. Hovudansvaret for forvaltning av eigedomsskattesystemet ligg også til eininga – i samarbeid med sentraladministrasjonen. Eininga har 9 fagarbeidarar i uteseksjonen i tillegg til deltidsmannskapa i brannvernet, og 9 saksbehandlarar på dei ulike fagområda. Eininga har stor etterspørsel etter tenester og brukar delvis ekstern hjelp til å dekke deler av desse.
Webside
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arealplanlegging og arkitektur
Sted VESTNES (Adresse: Brugata 10 Postnr: 6390)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f834fd87-b148-4c01-829b-e2717bb81774
IMPORTAPI