Vil du være med på laget? – Statens vegvesen

Construction Arbeidsleder, bygg og anlegg

(2 weeks ago)

  • LÆRDAL
  •  Post Date: 5. May 2024
  •  Expire date: 20. May 2024
Job Description

Published 05-05-2024
Deadline: 20-05-2024

 

Vil du være med på laget?

Om stillinga

I Statens vegvesen, Utbyggingsdivisjonen region vest, E16 Oppgradering av Lærdalstunnelen har vi ledig stilling som byggeleiar. Kontorstad vil bli på anleggskontor i nærleiken av Håbakken i Lærdal.

Lærdalstunnelen nærmar seg 25 år, og det elektrotekniske anlegget er klart for utskifting og oppgradering til dagens standard. Det skal sprengast ut for 24 nye tekniske bygg og havarilommer, og ventilasjonsanlegget og alt teknisk utstyr skal skiftast ut. Dette er eit omfattande og krevjande arbeid med tanke på effektiv og sikker anleggsgjennomføring, samtidig som ein skal ta omsyn til naudsynt trafikkavvikling. Tunnelen vil vere stengt for allmenn trafikk mellom kl. 1800 og 06.00, men vil vere open på dagtid. Byggeleiar vil i hovudsak jobbe vanleg dagtid, men må også rekne med noko kvelds- og nattarbeid. Kontrollingeniørane i prosjektet vil jobbe skift, hovudsakleg kveld og natt.

Prosjekteringsarbeidet går no for fullt, og blir i hovudsak utført i eigenregi. I tillegg er det i gang reguleringsplanarbeid for å skaffe deponiområde for utsprengte massar.

Anleggsarbeidet er venta å ta ca. 5 år, med planlagt oppstart i slutten av 2025.

Det er vesentleg at byggeleiar deltar aktivt i den avsluttande fasen av arbeidet med prosjektering og konkurransegrunnlag. Vidare vil byggeleiar få ei sentral rolle i sjølve kontraheringsfasen med forhandlingar med aktuelle entreprenørar. Prosjektet er tenkt gjennomført som ein einingspriskontrakt.

Vi søker ein byggeleiar med brei erfaring frå bygg og anlegg. Som byggeleiar har du ansvar for den daglege oppfølginga av prosjektet, og skal levere på oppsette mål. Stillinga som byggeleiar vil gi deg varierte og spennande arbeidsoppgåver, i eit prosjekt der du må involvere deg og ta regi.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Delta i planlegging, prosjektering og utarbeiding av konkurransegrunnlag
  • Kontakt med offentlege etatar, blålysetatar, vegbrukarar og media
  • Følgje opp entreprenør i byggefasen
  • Førebu og leie byggemøte, økonomimøte og andre møte
  • Ansvar for at kvalitets-, framdrifts- og kostnadskontroll blir gjennomført i prosjektet
  • Koordinere og fordele arbeid til kontrollingeniørane
  • Planlegge trafikkavvikling og stengeprosedyrar
  • Rapportere til prosjektleiar

Kompetansekrav

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Erfaring frå anleggs- og/eller byggeleiing som har omfatta tunnelbygging
  • Erfaring med oppfølging av kontraktsarbeid
  • God i skriftleg og munnleg norsk 
  • Førarkort klasse B

Det er ein fordel med god kjennskap til vegnormalar, gjeldande forskrifter og kontraktar. Byggeleiar bør også ha erfaring og kompetanse i bruk av 3D-verktøy, og generelt ha god digital kompetanse.

For søkarar med sterk og allsidig praksis frå arbeid i og med tunnel, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, treng vi ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Personlege eigenskapar som vi vektlegg:

  • Sjølvstendig og strukturert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God lagbyggar som ser medarbeidarane dine, og gir dei ansvar
  • Evner å bygge tillit og skape eit godt forhold til entreprenørane
  • Likar utfordringar og har stor arbeidskapasitet

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt

Prosjektsjef: Stig Berg-Thomassen, mobil 975 83 988, stig.berg.thomassen@vegvesen.no

Prosjektleiar: Susanne Svardal, mobil 951 91 861, susanne.svardal@vegvesen.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statens vegvesen orgnr: 924692960
Kort om arbeidsgiver

Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle. Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.

Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.

Webside https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arbeidsleder, bygg og anlegg
Sted LÆRDAL (Adresse: Grandavegen 6 Postnr: 6887)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7d440706-5530-4919-9990-48287089d5a8
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262719