Job Description

Published 23-04-2024
Deadline: 02-06-2024

 

Vil du vera leiar for det nye tenesteområdet Helse- og omsorg?

Vågå kommune skal frå 01.01.25 samle Heimetenesta og Vågåheimen til ei felles teneste. Vi ser no etter ein leiar som skal utvikle og drifte det nye tenesteområdet i tråd med dagens og framtidige behov. 2025 er planlagt som eit utviklings- og overgangsår, og du som tenesteleiar vil få stor påverknad på korleis tenestene blir organisert i det vidare. Dagens Heimeteneste organiserer både heimesjukepleie, praktisk bistand og dagtilbod for personar med demens. Ved Vågåheimen er det korttidsplassar, langtidsplassar, demensomsorg og aktivitetssenter. Vi har gjort betydelege oppgraderingar og utbyggingar i tenesta med mål om fleksibel bruk og samordning av tenester etter framtidas behov. I dette ligg også 16 nye bustadar for heildøgns omsorg som er knytt til Vågåheimen.

I sektoren Helse- og meistring arbeidar vi aktivt med kvalitetsforbetring og fagutvikling på systemnivå og i dagleg drift. Vi skal rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad.

Tenesteleiar rapporterer til kommunalsjef for Helse- og meistring og er ein del av leiargruppa til kommunalsjefen. Helse- og omsorg blir eit av tre tenesteområde og vil ha om lag 100 tilsette. Tenesteleiar vil arbeide overordna og har i teamet sitt to avdelingsleiarar og to fagsjukepleiarar. I tillegg vil tenesteleiar ha god tilgang på ressursar frå økonomi- og personalavdelinga, kvalitetsrådgjevar og merkantilt tilsette som arbeidar med turnus og innleige.

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna ansvar for drift av tenesteområdet
  • Økonomistyring for tenesteområdet
  • Strategisk og framtidsretta tenesteutvikling
  • Personaloppfylging
  • Fagleg rådgjevar for kommunalsjef Helse- og meistring
  • Samarbeid med tilsvarande tenester i nabokommunane
  • Til stillinga ligg ansvar for å samle dei to tenesteområda til ei felles teneste. Målet er å utvikle tenesteområdet Helse- og omsorg til det beste for innbyggjarane i Vågå kommune i tråd med økonomiske rammer, nasjonale føringar og politiske vedtak

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Helsefagleg utdanning på minimum bachelornivå

I tillegg ønskjer vi at du:

  • Har erfaring frå kommunal økonomistyring
  • Har relevant leiarutdanning
  • Har leiarerfaring frå samanliknbare rollar
  • Har kunnskap om bruk av teknologi i helse- og omsorgstenester
  • Har god forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og tenesteyting
  • Samhandlar godt med dei rundt deg og har god kommunikasjonsevne
  • Arbeidar sjølvstendig og har ein målretta, støttande, inkluderande og tydeleg leiarstil
  • Er strukturert, systematisk og har evne til å sjå komplekse samanhengar
  • Har evne til og kunnskap om å arbeida strategisk

Vi ser etter deg som er:

  • Tydeleg
  • Lyttande
  • Endringsviljug og løysningsorientert
  • Framoverlena og oppteke av innovasjon
  • Systematisk
  • Motiverer og engasjerer dei ikring deg
  • Har evne til å gjennomføre tiltak og planar

Det vil bli lagd stor vekt på personleg eignaheit.

Vi kan tilby:

  • Eit spannande arbeidsfelt i stadig utvikling
  • Arbeid i tverrfaglege team
  • Kompetanseheving
  • Eit godt fagmiljø, ein lærande organisasjon med dyktige medarbeidarar og gode kollegaer
  • Pensjonsordning via KLP
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk.

Vi ønskjer å ha deg på plass 02.01.2025, men kan vera opne for andre oppstartstidspunkt. Stillinga blir lyst ut allereie no, slik at vi har god tid til å finne riktig person.

Spørsmål kan rettast til kommunalsjef for Helse- og meistring Thomas Rannstad Haugen på tlf. 970 10 982 eller e-post: thomas.rannstad.haugen@vaga.kommune.no

Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no

Søknadsfrist: 02.06.2024

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren orgnr: 975304442
Kort om arbeidsgiver

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Er du glad i friluftsliv kan du kopla av i både skog og fjell. Det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter i heile kommunen. Bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbanar og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr òg på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.

Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 02-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/04395116-1538-417d-9ff1-ecb0bd3f2a36
Stillingsregistrering