Job Description

Published 25-04-2024
Deadline: 10-05-2024

 

Vil du vera vernepleiar på ein vakker stad med ein super kollegagjeng?

Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar i alderen 18 – 90 år. Det består av 13 faste bustadar og ein avlastningsbustad fordelt på 4 bygg. Avlastningsbustaden er til born i alderen 3 – 18 år. Vi har vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, miljøarbeidarar og assistentar tilsett hjå oss. Lundenjordet ligg midt i smørauget av Kviteseid og har ein fantastisk utsikt til vakre Sundkilen. Det er gåavstand til butikkar, brygga, arbeidsplass og dagsenter for mange av bebuarane.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar:

• Norsk autorisasjon som vernepleiar

• Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming, målretta miljøarbeid og åtferd som utfordrar • God digital kompetanse

• Førarkort kl. B

• God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar:

• Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner

• Evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla

• Halde seg fagleg oppdatert

• Være fleksibel, strukturert og løysningsorientert

• God rollemodell

• Glad i aktivitet og kreativitet

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver:

• Fremje målretta og metodisk miljøarbeid, samt delta i brukaren sine daglege aktivitetar og gjeremål

• Legge til rette for at brukaren meistrar eigen kvardag

• Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga

• Samarbeid, rettleiing og opplæring av andre tilsette

• Koordinator for ein eller fleire brukarar

• Legemiddelhandtering

• Pårørandesamarbeid

• Lov om kommunale helse — og omsorgstenester kap.9

Vi tilbyr

Ein meiningsfyllt og kjekk jobb i eit veldig godt arbiedsmiljø. Flinke tilsette og ein drivande dyktig leiar.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kviteseid Kommune Lundenjordet orgnr: 976825780
Kort om arbeidsgiver

Lundenjordet ligg sentralt i Kviteseid, med kort veg til alt. Butikkar og andre tenestar i kommunen. Eininga har nydeleg utsikt over Kviteseid vatnet.

Webside https://www.kviteseid.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted KVITESEID (Adresse: Kviteseidgata 13 Postnr: 3850)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 10-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/04003ffe-3b49-4446-931b-620fa7ac31fe
Stillingsregistrering