Job Description

Published 16-04-2024
Deadline: 19-05-2024

 

Vil du vere med å gjere ein forskjell for barn i førskulealder?

Bulandet barnehage har i perioden 5.8.2024 til og med 31.7.2025 ledig eit 1-års vikariat som pedagogisk leiar. Alternativ oppstartsdato kan avtalast. 

 

Arbeidsoppgaver

  • Pedagogisk leiing av avdelinga
  • Rettleie i pedagogiske prosessar og utviklingsarbeid
  • Fylgje opp barn med trong for tilrettelegging og/eller spesialpedagogisk hjelp
  • Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere arbeid i barnehagen
  • Sikre barnehagen som ein god omsorgs- og læringsarena
  • Følgje opp, og vere aktiv i kompetanseutviklinga i barnehagen
  • Sikre eit godt samarbeid med barn, foreldre, personal og andre samarbeidspartnarar
  • Tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter barna sine behov og føresetnader

Kvalifikasjoner

  • Godkjent utdanning som barnehagelærer (søkjarar som har utdanning fra utlandet må legge ved dokumentasjon på godkjent utdanning i Norge)
  • Relevant vidareutdanning vil vere av særleg interesse
  • Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg, minimum tilsvarande krava i  barnehagelova §28
  • Meistre barnehagen sine digitale verktøy
  • Tilfredsstillande politiattest er ein føresetnad for tilsetjing. Denne skal ikkje legges ved søknaden, men må leverast snarast etter tilbod om tilsetjing og før tiltreding
  • I denne stillinga krevs det at du leverer eigenerklæring for tuberkulose før tiltreding

Personlege eigenskaper

  • Du har barnet i sentrum, og er ein god rollemodell for barn og medarbeidarar
  • Du er faglig oppdatert, og ein pådrivar i utviklingsarbeid
  • Du er ein tydelig leiar, og samarbeider godt med andre
  • Du kan jobbe sjølvstendig, og samtidig ha evnen til å jobbe i team
  • Du er ansvarleg, engasjert, løysingsfokusert og reflektert
  • Du er åpen for nytenking og har ferdigheter innan digitale verktøy
  • Du er ein inspirator og motivator for å skape eit godt psykososialt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande kvardag i ein trygg og god barnehage
  • Samarbeid med dyktige, og erfarne medarbeidarar
  • Løn etter avtaleverket
  • I Askvoll kommune vert alle pedagogar tilsett som pedagogiske leiarar, f.t. med eit tillegg på 34.000 kr
  • God pensjonsordning, og ulykkes- gruppe livsforsikring
  • Ein barnehage som er opptatt av å gje medarbeidarar ansvar, tillit og høve til på påverke sin eigen kvardag

 

Pensjonsmedlemsskap i KLP.  Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjng. 

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje – uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

(c) Fjordkysten.no

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Askvoll kommune Bulandet barnehage orgnr: 975300501
Kort om arbeidsgiver Bulandet barnehage ligg på Halsøy i Bulandet. Barnehagen er samlokalisert med Bulandet skule. Vi har eit flott uteområde med variert terreng, skog, bakkar og leikeapparater. Vi går tur i nærområdet og nyttar også skulen sitt uteområde. Vi har fokus på sosial kompetanse og den gode samtalen. Barnehagen er godkjent for barn i alderen 1-6 år og har inntil 18 plassar. Inkluderande barnehage- og skulemiljø er felles satsingsområde for alle barnehagane i kommunen.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted BULANDET (Adresse: Nordsjøvegen 1086 Postnr: 6987)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6abab466-8e1d-4e42-87b7-86df437aa6b4
IMPORTAPI