Job Description

Published 25-04-2024
Deadline: 21-05-2024

 

Vinstra vidaregåande skule – Barne- og ungdomsarbeidar

Beskrivelse

 Vinstra vidaregåande skule har ledig 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 1.august 2024. Stillinga følgjer skuleåret og første arbeidsdag er 12.08.24

Vi søkjer deg som

  • er omsorgsfull og glad i ungdom
  • er motivert og lærevillig
  • er punktleg og påliteleg
  • er engasjert og omgjengeleg
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • liker å jobbe med ungdom med særlege omsorgsbehov

Vi tilbyr

  • ein arbeidsplass med mottoet: Gode forbilder former framtida
  • løn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar
  • stillinga følgjer skuleåret og lønna er derfor redusert med 11% (til 89%)

Arbeidsoppgåver

  • jobbe med bistand og støtte i opplæring
  • oppgåver knytta til enkeltelvar, gruppe og klasse
  • skal bidra til å sikre eit trygt læringsmiljø 

Ønskte kvalifikasjoner

  • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • god orden og åtferd
  • gode digitale ferdigheiter

 

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Innlandet fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule orgnr: 974597233
Kort om arbeidsgiver I hjartet av Gudbrandsdalen finn du Vinstra vidaregåande skule som ein arena for kunnskap, læring og fellesskap, med moglegheiter for alle. Skulen er tufta på gamle tradisjonar, men er likevel moderne og i stadig utvikling.

Vinstra videregående skule har seks utdanningsprogram: Studiespesialisering, musikk og dans, helse- og oppvekstfag, elektrofag, byggfag, og teknikk og industriell produksjon. Skulen har litt over 370 elevar og om lag 80 lærarar.

Skulen skal vera ein døropnar for ungdomar til vidare utdanning og arbeidsliv. Vi arbeider for at elevane skal bli gode samfunnsborgarar og for å gjere dei klare for framtida.

Vi legg vekt på høg kvalitet, både sosialt og fagleg, for å fremje trivsel og læring. Vi ønskjer å gi våre elevar kompetanse på vegen til å nå sine mål og draumar – gode forbilde formar framtida!

Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.

Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted VINSTRA (Adresse: Gamle Skåbuvegen 10 Postnr: 2640)
Stillingstype Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/267d52c1-1b21-4a71-82ac-6c65c85eeef5
IMPORTAPI