Vitskapleg assistent – Universitetet i Oslo

Education University and Collage

(2 weeks ago)

  • OSLO
  •  Post Date: 16. April 2024
  •  Expire date: 8. May 2024
Job Description

Published 16-04-2024
Deadline: 08-05-2024

 

Vitskapleg assistent

Om stillinga

BabyLing-lab ved Psykologisk institutt skal tilsetje forskingsassistent i deltidsstilling for ein periode på 1-2 år. Samla tilsettingstid som vitskapeleg assistent ved UiO kan ikkje overstige 2 år. Dette er ei 20 % stilling som passar fint for deg som er student (fortrinnsvis ved PSI) og ønskjer ein relevant deltidsjobb ved sida av studiet.

Arbeidsoppgåvene

Vi treng ein assistent med interesse for og kompetanse til å gjennomføre datainnsamling frå babyar ved hjelp av blikksporing (eye-tracking). Arbeidsoppgåvene vil omfatte:

  • Koordinering av forskingsprosjekt med babyar og små barn, inkludert rekruttering, booking og testing av deltakarane.
  • Administrere lab-baserte og online testar til deltakarar i forskingsprosjekt.
  • Hjelpe med pre-prosessering og analyse av data.
  • Generell støtte til forskingsgruppa.
  • Drift, vedlikehald, organisering og booking i laboratoriet.

Kvalifikasjonskrav

  • Dokumentert erfaring og interesse innan utviklingspsykologi og språkutvikling
  • Erfaring med å handtere forskingsdeltakarar (vaksne og små barn).
  • Gode munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk.
  • Fullført bachelorgrad i psykologi eller anna relevant fag. Bachelorgrad kan fråvikast gitt særleg relevant erfaring/kompetanse. For å kunne tilsetjast i stillingskode 1020, må søkjar ha fullført mastergrad eller tilsvarande nivå.

Kvalifikasjonar som er ein fordel

  • Erfaring med å gjennomføre forskingsprosjekt som inkluderer språkregistrering er ein fordel.
  • Erfaring med blikksporing (gjerne Eye-Link) er ein fordel.
  • Interesse for og erfaring med programmering er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Initiativ/Engasjement
  • Fleksibilitet.
  • Evne til å planlegge.
  • Evne til å gjennomføre
  • Evne til samarbeid.

I vurderinga av søkjarane vil det bli lagt vekt på fagleg kompetanse og erfaring, motivasjon for å søke stillinga og personlege eigenskapar. Det vil bli gjennomført intervju med utvalde kandidatar.

Vi tilbyd

  • Lønn i stillingskode Vitskapleg assistent SKO 1018/1019/1020. Brutto årsløn utgjer frå kr. 414 200 til 509 300 i ei 100 % stilling, avhengig av kompetanse.
  • Gode pensjonsordningar i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev (beskrive motivasjon og grunngje kvifor ein er egna for stillinga) inntil 400 ord
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning og arbeidserfaring).
  • Kopier av vitnemål og eventuelle attestar
  • Minst to referansar (namn, tittel, e-post og telefon, samt angi relasjon til søker)

Søknad med alle vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”. Ved utdanning utanfor Skandinavia ber vi om ei forklaring på karaktersystemet. Vi gjer merksam på at all dokumentasjon må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk.

Andre opplysningar

Samla tilsettingstid i stilling som vitskapeleg assistent kan ikkje overstige to år og stillinga kan ikkje bli gitt personar som tidlegare har vore tilsett i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse.

Sjå forskrift om vilkår for stillingar som postdoktor, stipendiat, vitskapeleg assistent og spesialistkandidat.

I tråd med Offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlistene.

UiO har ein ‘overtakingssavtale’ for alle tilsette med formål å sikre rett til forskingsresultat m.m. UiO har et personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

BabyLing-lab Academic Responsible – Julien Mayor: julien.mayor@psykologi.uio.no

PSI Data/Lab Manager – Torgrim Langleite: t.m.langleite@psykologi.uio.no

For spørsmål om elektronisk søknad: HR-konsulent Ine Røsok Sagelv: i.r.sagelv@psykologi.uio.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Oslo orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Webside http://www.uio.no/
Bransje Utdanning
Yrke Universitet og høyskole
Sted OSLO (Adresse: Boks 1072 Blindern Postnr: 0316)
Stillingstype Åremål Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a0e995dd-6222-4a20-a3ed-b47b9f04cfcd
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/261843