Job Description

Published 24-04-2024
Deadline: 15-05-2024

 

Zooarkeolog/feltleiar i arkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Zooarkeolog/feltleiar i arkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver, saman med innsamling, dokumentasjon og vern. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda etter Kulturminnelova med forskrifter, samt for Aboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 153 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette. Nærmare informasjon om museet finn ein her: https://www.uib.no/universitetsmuseet

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Fornminneseksjonen, er det ledig ei eittårig 100% stilling med moglegheit for forlenging som zooarkeolog og feltleiar (overingeniør kode 1087). Stillinga er knytt til Seljeprosjektet, eit eksternt finansiert prosjekt frå den lovpålagde utgravingsverksemda ved Universitetsmuseet i Bergen.

Fornminneseksjonen har ansvaret for forvaltningsinitierte arkeologiske undersøkingar i Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt (Vestland og Sunnmøre). Seksjonen er elles rådgjevar for Riksantikvaren, fylkeskommunane, Sametinget og andre samarbeidspartnarar. Fornminneseksjonen utgjer saman med Forskingsseksjonen Avdeling for kultur. Fornminneseksjonen har fire fast tilsette forskarar og 16 administrative stillingar i tillegg til mellombels tilsette knytt til ulike forvaltningsprosjekt.

Arbeidsoppgåver:

Zooarkeologen/feltleiaren inngår i prosjektstaben til Seljeprosjektet. Ved utgravingane på den kystorienterte lokaliteten Selje, i Stad kommune, Vestland fylke, vart det i 2023 avdekka eit omfattande zoo-arkeologisk materiale knytt til ulike bosetingsfasar frå seinneolittisk tid til vikingtid/mellomalder. Hovudoppgåva kjem til å vere knytt til analyse av beinmateriale frå utgravingane. Det daglege arbeidet vil utførast under rettleiing og i tett samarbeid med prosjektleiar. Arbeidet med det osteologiske materiale vil finne stad ved Universitetsmuseets Naturhistoriske avdeling sitt laboratorium, og i samhandling med personalet der.

I stillinga inngår og andre arbeidsoppgåver knyt til etterarbeid og analyse av data frå Seljeprosjektet og utgravingane, slik som databehandling i GIS/Intrasis, listeføring, databasar og utforming av feltrapportar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonskrav:

  • Mastergrad i zooarkeologi
  • Zooarkeologiske laboratorieerfaring av arkeofauna (artsidentifikasjon, fragmentering, slakting og tafonomi) frå Nordeuropeiske kontekstar
  • Zooarkeologisk laboratorieerfaring med analysar av Nordatlantisk marin fisk (identifikasjon og størrelse rekonstruksjon) og pattedyr samt med materiale frå nordeuropeiske gardskontekstar
  • Praksis frå arkeologiske utgravingar
  • Beherske munnleg norsk eller anna skandinavisk språk innan kort tid

Vi ser det som ein føremon at søkjar har:

  • Erfaring med utgraving og systematisk sampling av arkeofauna frå Noreg og/eller det nordatlantiske området
  • Kunnskap om tafonomiske prosessar på buplassnivå (bevaring, nedbryting og forstyrringar)
  • Kunnskap om nordeuropeisk forhistorie
  • Kompetanse innanfor GIS og digital arkeologi
  • Erfaring med kontekstuell utgravingsmetodikk og dokumentasjon

Personlege eigenskapar:

  • Vera dugande til å levera i høve til tidsfristar og kvalitet
  • Vere løysings- og samarbeidsorientert
  • Kunne arbeide planmessig og sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima

Det er vesentleg at den som vert tilsett er eigna for stillinga, difor vert personlege eigenskapar og samarbeidsevner særleg vektlagt i vurderinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som feltleiar (kode 1087 overingeniør) er kr 584 500 – 615 700 per år i full stilling etter erfaring i felt/feltarbeid. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Trening i arbeidstida
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonssjef ved Fornminneseksjonen, Morten Ramstad, tlf. 55 58 49 44/ 406 10 070, e-post: morten.ramstad@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Den som vert tilsett må rette seg etter retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som beskriver kvalifikasjonar
  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar
  • Oversikt arkeologisk felterfaring og rapportar frå arkeologiske utgravingar
  • Liste over eventuelle publikasjonar

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom søkjaren får melding om det

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr: 974799154
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

 

Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her 

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Utdanning
Yrke Forskningsarbeid
Sted BERGEN (Adresse: Ute i felt, og i Joachim Frieles gate 1 Postnr: 5007)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/87992824-69ca-4107-b113-932c86a82196
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262242