Stillingsbeskrivelse

Published 07-05-2024
Deadline: 27-05-2024

 

Lærar i kulturskulen – Oppfinnarklubben

Vestre Slidre kulturskule er ein moderne utviklingsorientert kulturskule. Skulen er prega av stor fagleg breidde og høgt engasjement. Det har gitt oss stor oppslutning i lokalsamfunnet. Nesten 50% av elevane i grunnskulen har ein eller fleire plassar i kulturskulen.

I tillegg til å vere ein tradisjonell kulturskule er Vestre Slidre kulturskule eit ressurssenter for kultur i kommunen. Kulturskulen samarbeider med helse og omsorg, barnehagane, kulturkontoret og kulturlivet elles i kommunen.

Vestre Slidre kulturskule søker no etter nye lærarar. Fleire arbeidsoppgåver er lyst ut i denne annonsen. Stillinga kan kombinerast med desse.

Mellom anna treng vi lærar til Oppfinnarklubben. Den held til i Jokerspace i Ryfoss og er eit samarbeid med Vang kulturskule og Skaperkraft Valdres SA. Jokerspace har utstyr for laserkutting/gravering, 3D-printing, vinyldesign, digitalt styrt broderingsmaskin, symaskin og enkelt basisutstyr for arbeid med elektronikk, tre og metall. Der er også ein del utstyr for å jobbe med koding. I tillegg er der ein spill-PC, to videokamera og en redigeringskonsol som gir moglegheiter for streaming av skjermen og omgjevnadane når ein spelar.

Nedre aldersgrense i Oppfinnarklubben er 5. klasse.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre undervisning
  • Sette seg inn i og løyse tekniske og praktiske utfordringar som dukkar opp i møte med det deltakarane vil gjere/lage
  • Profilere Oppfinnarklubben på store framsyningar der kulturskulen skal vise breidda i kulturskuletilbodet.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med skapande aktivitetar
  • Erfaring med – eller lyst og evne til å sette seg inn i – aktivitetar knytt til utstyret i Jokerspace
  • Evne til å planlegge og gjennomføre aktivitetar med grupper
  • Gjerne pedagogisk utdanning eller erfaring med å jobbe med born
  • Relevant praksis og erfaring kan kompensere for manglande utdanning

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å leie og organisere grupper
  • Likar å jobbe med born
  • Jobbar godt sjølvstendig og i team

Personlige eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande og meningsfylte arbeidsoppgåver
  • God pensjonsordning og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Gudbrand Heiene, Avdelingsleiar kultur, +47 41335496

Arbeidsstad

Ryfossvegen 111
2973 Ryfoss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 4812102411
Stillingsprosent: 7,68%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 26.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kulturskulen, Vestre Slidre kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside http://www.vestre-slidre.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Forskningsarbeid
Sted RYFOSS (Adresse: Ryfossvegen 111 Postnr: 2973)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2024
Søknadsfrist 27-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/82dcdba4-da5e-4206-a64e-1561f02486d9
IMPORTAPI