Lærar i kulturskulen – Oppfinnarklubben – Kulturskulen, Vestre Slidre kommune
Education Research work(2 weeks ago)
Job Description
Published 07-05-2024
Deadline: 27-05-2024
Lærar i kulturskulen – Oppfinnarklubben
Vestre Slidre kulturskule er ein moderne utviklingsorientert kulturskule. Skulen er prega av stor fagleg breidde og høgt engasjement. Det har gitt oss stor oppslutning i lokalsamfunnet. Nesten 50% av elevane i grunnskulen har ein eller fleire plassar i kulturskulen.
I tillegg til å vere ein tradisjonell kulturskule er Vestre Slidre kulturskule eit ressurssenter for kultur i kommunen. Kulturskulen samarbeider med helse og omsorg, barnehagane, kulturkontoret og kulturlivet elles i kommunen.
Vestre Slidre kulturskule søker no etter nye lærarar. Fleire arbeidsoppgåver er lyst ut i denne annonsen. Stillinga kan kombinerast med desse.
Mellom anna treng vi lærar til Oppfinnarklubben. Den held til i Jokerspace i Ryfoss og er eit samarbeid med Vang kulturskule og Skaperkraft Valdres SA. Jokerspace har utstyr for laserkutting/gravering, 3D-printing, vinyldesign, digitalt styrt broderingsmaskin, symaskin og enkelt basisutstyr for arbeid med elektronikk, tre og metall. Der er også ein del utstyr for å jobbe med koding. I tillegg er der ein spill-PC, to videokamera og en redigeringskonsol som gir moglegheiter for streaming av skjermen og omgjevnadane når ein spelar.
Nedre aldersgrense i Oppfinnarklubben er 5. klasse.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre undervisning
- Sette seg inn i og løyse tekniske og praktiske utfordringar som dukkar opp i møte med det deltakarane vil gjere/lage
- Profilere Oppfinnarklubben på store framsyningar der kulturskulen skal vise breidda i kulturskuletilbodet.
Kvalifikasjonar
- Erfaring med skapande aktivitetar
- Erfaring med – eller lyst og evne til å sette seg inn i – aktivitetar knytt til utstyret i Jokerspace
- Evne til å planlegge og gjennomføre aktivitetar med grupper
- Gjerne pedagogisk utdanning eller erfaring med å jobbe med born
- Relevant praksis og erfaring kan kompensere for manglande utdanning
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Evne til å leie og organisere grupper
- Likar å jobbe med born
- Jobbar godt sjølvstendig og i team
Personlige eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Spennande og meningsfylte arbeidsoppgåver
- God pensjonsordning og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Gudbrand Heiene, Avdelingsleiar kultur, +47 41335496
Arbeidsstad
Ryfossvegen 111
2973 Ryfoss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 4812102411
Stillingsprosent: 7,68%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 26.05.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kulturskulen, Vestre Slidre kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | |
Webside | http://www.vestre-slidre.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Forskningsarbeid |
Sted | RYFOSS (Adresse: Ryfossvegen 111 Postnr: 2973) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-08-2024 |
Søknadsfrist | 27-05-2024 |