Job Description

Published 24-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

100 % fast lærarstilling, programfag innan Teknologi og industrifag (TIF)

Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har ca 300 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me spesialundervisning i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.   
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel. 

For meir info: www.olen.vgs.no

Frå 1.august  2024 er det ledig 100% fast stilling i programfag på teknologi og industrifag, fordelt med undervisning både i Sandeid fengsel og på skulen i Ølen.

Arbeidsoppgaver

Tilbod om utdanning er ein viktig del av rehabiliteringsarbeidet i fengsla våre. I Sandeid fengsel er det 88 soningsplassar, og mange av dei innsette er tilknytt skulen.  Opptak skjer fortløpande, og utdanningsløpa vert tilpassa den enkelte. Det krev fleksibilitet frå lærarane si side, ein må tilpasse opplæringa til dei elevane ein til ei kvar tid har, og ein må handtere raske endringar i elevmasse og oppgåver.   

Kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning og praksis i relevante fag
  • Godkjend pedagogisk utdanning                            
  • Godkjend politiattest
  • Det er krav om at søkjar har fagbrev

Om det ikkje melder seg søkjarar med både relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning kan andre søkjarar bli vurdert. Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing. Personar med undervisningserfaring vert føretrekte. Fleksibilitet og gode samarbeidsevner er naudsynt.

Personlige egenskaper

Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig. 
Generelt ynskjer me medarbeidarar med undervisningskompetanse i fleire fag.

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
  • Det må sendast elektronisk søknad

 

Nærare opplysningar kan fåast ved å vende seg til avdelingsleiar Olav Hogne Espe telf. 994 13 396 , ev. pr. mail: olav.hogne.espe@skole.rogfk.no

 

Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli
offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.

Kontaktinformasjon

Olav Hogne Espe, Avdelingsleiar , 99413396, olav.hogne.espe@skole.rogfk.no

Arbeidssted

Litlehagen 2
5580 Ølen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommune

Referansenr.: 4805482672
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ølen vgs, Rogaland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4300 ansatte. Vi jobber for en bærekraftig utvikling og sterkere fellesskap i hele Rogaland. Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
Webside http://www.rogfk.no/
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Ingeniør bygg
Sted ØLEN (Adresse: Litlehagen 2 Postnr: 5580)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f2ca0828-bd25-4b62-8661-ad834c18992f
IMPORTAPI