Job Description

Published 11-04-2024
Deadline: 18-08-2024

 

Er du student og ynskjer ordning med stipendavtale?

Vi søkjer

Vikarar og faste tilsette som kan jobba i helger og feriar. Det er eit ynskje å knyta til seg studentar som held på med utdanning med tanke på framtidig rekruttering i kommunen.
Kvinnherad kommune vil som ledd i rekrutteringsarbeid tilby ordning med stipendløn for helsefagleg høgskuleutdanning og lærarutdanning. Dette vil væra eit alternativ til dei ordningane som allereie fins i strategisk kompetanseplan og ordningane kan ikkje kombinerast.

Tilsette som allereie har avtale som går ut 31.08.24 må søkja på nytt. Tiltreding 01.09.2024. 

 

Stipendordning:
Er ei ordning der studentar får eit stipend på kr. 2000,- kvar mnd. i tillegg til ordinær løn for fast helg og ferievikariat. For å få ei slik avtale må det lagast avtale mellom student og Kvinnherad kommune. Avtalen følger skuleåret og forutsetter at studenten binder seg til helgearbeid ca. 13 % stilling med arbeid 14 helger pr. år og ferievikariat med minimum varighet på 5 veker i 80 – 100 % stilling. Ferie må avtalast med nærmaste leiar ut frå behov for ferievikarar. Helger i sommarvikariatet tel med talet på helger ein skal jobbe i løpet av året. Det er mogleg å arbeida inn helger om dette lar seg gjera for avdelinga sin drift om studenten har behov for dette t.d. i samband med praksisperiodar.

Bindingstida er 12 månader frå oppstart av ordninga.

  

Personlege eigenskaper

  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
  • Ansvarsfull og nøyaktig

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

 

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Sektor omsorg, helse og sosial orgnr:
Kort om arbeidsgiver Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.

Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.

Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

Webside
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Kunst og kunsthåndverk
Sted ROSENDAL (Adresse: Rosendalsvegen 10 Postnr: 5470)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 18-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/546bae64-9655-40da-896e-7b039c2a527d
IMPORTAPI