Ferievikarar Habilitering – Eining Habilitering, Sveio kommune

Education SFO, barne- og fritidsleder

(2 weeks ago)

  • SVEIO
  •  Post Date: 15. April 2024
  •  Expire date: 3. June 2024
Job Description

Published 15-04-2024
Deadline: 03-06-2024

 

Ferievikarar Habilitering

Eining Habilitering, butiltak psykiskutviklingshemma avd Stemhaugen bueining og Åsvegen/Straumøy bueining søkjer ferievikarar. Er du over 18 år, og har lyst på ein ansvarsfull og lærerik sommarjobb? Me treng personar som kan jobbe sjølvstendig, men også samarbeide godt med kollegaer. Hos oss kan du få erfaring som du kan ha nytte av i eit seinare arbeidsforhald. 
Me treng ferievikarar i perioden veke 25-32. Me har moglegheit for å tilby langvakter og har i tillegg medlevarturnus i ein av bustadane. Om dette er noko du ynskjer, skriv det i søknaden din. Ynskjer du å  arbeid på dag/kveld, eller er nattevakt? Skriv i søknaden kva som er best for deg? Ta med i søknaden kva periode du kan arbeid i. Vikariata vil kunne variere i stillingsstørrelse 80 – 100 %. Om du kan ta til i stillinga før veke 25, så er det ein fordel i forhold til god opplæring. Søknadsfristen er 03.06.2023, men tilsetjing skjer fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Brukar bur i eigen leilegheit og har tilbod om gode miljøtenester frå oss. Du fylgjer brukar gjennom dagen og ulike aktiviteter. Brukar kan ha behov for  hjelp til personeleg hygiene, matlaging samt reinhald av eigen bustad. Ansvar og arbeidsoppgåver vert tildelt i samsvar med kompetanse og erfaring. Du må kunna ta imot rettleiing, samt like å ta til deg ny og spanade kunnskap. Ved Straumøy gard, deltek ein også i noko arbeid på garden. 

Kvalifikasjonar

  • Helse- og sosial fagleg utdanning
  • Relevant arbeidserfaring er ønskjeleg
  • Stillingane passar godt til studentar og elevar med helsefaglig bakgrunn, men også andre kan verta vurdert
  • Personleg eigenskap vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne jobbe både sjølvstendig og saman med kollegaer
  • Du må like å ta i eit tak
  • Du likar å få rettleiing
  • Du er ansvarfull og likar å gi omsorg til andre mennesker
  • Du ser oppgåver som skal gjerast og tar initiativ
  • Du liker å være aktiv saman med brukar
  • Du er presis og pliktoppfyllande
  • Du likar utfordringar, men ber også om hjelp og veileiing når det er naudsynt

Vi tilbyr

  • Ein lærande og fleksibel arbeidsplass i stadig utvikling, med sterkt fokus på den einskilde tenestemottakar
  • Interessante faglege utfordringar og høve for fagleg og personleg utvikling
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP – frå løna blir det trekt 2 %

Kontaktinformasjon

Camilla Vallestad, avdelingsleiar Stemhaugen bueining, 94814106, camilla.vallestad@sveio.kommune.no
Peer Cato Sjursen, Avdelingsleiar Åsvegen bueining & Straumøy gard, 94164806, Peer.Cato.Sjursen@sveio.kommune.no

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sveio kommune

Referansenr.: 4800830463
Stillingsprosent: 90%
Sommarjobb
Startdato: 17.06.2024
Søknadsfrist: 03.06.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Eining Habilitering, Sveio kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Webside http://www.sveio.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke SFO, barne- og fritidsleder
Sted SVEIO (Adresse: Postnr: 5550)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 17-06-2024
Søknadsfrist 03-06-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/aaefc02f-184e-4109-8af0-2fc7d9c013d0
IMPORTAPI